1Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg. 2Ragn-fegne skattar gagnar inkje, men rettferd frelser frå dauden. 3Herren let ikkje rettferdig mann hungra, men giren hjå gudlause viser han burt. 4Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik. 5Ein klok son sankar um sumaren, ein skjemdar-son søv um hausten. 6Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald. 7Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar. 8Den vise tek imot påbod, men gapen gjeng til grunns, 9den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend. 10Den som blinkar med auga, valdar vondt, men gapkjeften gjeng til grunns. 11Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt gudlause gøymar vald. 12Hat yppar trætta, men kjærleik breider yver alle brot. 13På vitug manns lippor er visdom å finna, men riset høver åt ryggen på dåren. 14Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or narremunn kann ein venta fåre. 15Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks ulukka er deira armod. 16Det den rettferdige tener, gjeng til liv, det den gudlause vinn, gjeng til synd. 17Den som på tukt tek vare, gjeng til livet, men den fer vilt som ikkje agtar age. 18Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som breider ut baktale, er ein dåre. 19Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok. 20Rettferdig manns tunga er utvalt sylv, men gudløysings vit er lite verdt. 21Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit. 22D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til. 23Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom. 24Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve. 25Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn. 26Som edik er for tennerne og røyk for augo, so er letingen for den som sender han. 27Otte for Herren lengjer livet, men gudløysings år vert stytte. 28Rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause vert til inkjes. 29Herrens veg er vern for den skuldfri, men øydeleggjing for illgjerningsmenner. 30Rettferdig mann skal aldri rikkast, men gudlause skal ei få bu i landet. 31Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men avskori vert den falske tunga. 32Rettferdig manns lippor søkjer hugnad, men munnen på gudlause berre fals.