1Ordtøke av Salomo, son til David, konge yver Israel. 2Av deim kann ein læra visdom og age og skyna vituge ord. 3Og få age so ein vert klok, rettferd og rett og rettvisa. 4Dei kann gjeva dei urøynde klokskap, ungdomen kunnskap og ettertanke - 5so den vise kann høyra og auka sin lærdom og den vituge verta rådklok. 6Dei gjev skyn på ordtak og myrke ord, ord frå dei vise og gåtorne deira. 7Otte for Herren er upphav til kunnskap, uvitingar vanvyrder visdom og age. 8Høyr etter, son min, når far din deg agar, og kasta ’kje frå deg det mor di deg lærer! 9For det er ein yndeleg krans for ditt hovud, og kjedor kring halsen din. 10Son min, når syndarar lokkar deg, samtykk ikkje! 11Um dei segjer: «Kom med oss! Me vil lura etter blod, setja fella for den skuldlause utan grunn; 12Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi; 13Me vinna oss alle slag skattar, og fyller husi våre med rov; 14du skal få lutskifte saman med oss, alle skal me ha same pungen.» - 15Son min, gakk ikkje då på vegen med deim, haldt foten din burte frå deira stig! 16For føterne deira spring til vondt og er snøgge til å renna ut blod. 17Men fåfengt breier dei netet for augo på alle fuglar. 18Dei lurer på sitt eige blod og set eit garn for sitt eige liv. 19So gjeng det kvar som riv til seg med ran, det drep sin eigen herre. 20Vismøyi ropar på gata og lyfter si røyst på torgi. 21På gatehyrna preikar ho midt i ståket, i porthallar og kring i byen ho talar: 22«Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap? 23Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord. 24Eg ropa og de vilde ikkje høyra, og ingen agta på at eg rette ut handi, 25De brydde dykk ei um all mi råd, og ansa ikkje mitt refsings ord, 26So skal eg då læ når de ulukka fær, eg skal spotta når det som de ræddast kjem, 27når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk. 28Då vil eg ikkje svara når de ropar på meg, dei skal naudleita etter meg, men ikkje finna meg. 29Av di dei hata kunnskap og forsmådde otte for Herren, 30ikkje lydde på mi råd, vanyrde all mi påminning, 31skal dei eta frukt av si åtferd og verta mette av sine råder. 32For einvisa drep dei einfaldne, og tryggleiken dårarne tyner. 33Men den bur trygt, som høyrer på meg, verna um ulukke-rædsla.»