1Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi gleda og min krans, statt soleis faste i Herren, de kjære! 2Evodia påminner eg, og Syntyke påminner eg um å vera samlyndte i Herren. 3Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver deim til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og mine andre medarbeidarar - deira namn stend i livsens bok. 4Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk! 5Lat dykkar godlynde verta kjent for alle menneskje! Herren er nær. 6Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing! 7Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus. 8Elles, brør, alt det som er sant, alt det som er æva verdt, alt det som er rettferdigt, alt det som er reint, alt det som er elskelegt, alt det som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er, det gjeve de gaum etter! 9Det som de og hev lært og motteke og høyrt og set hjå meg, gjer det! Og fredsens Gud skal vera med dykk. 10Eg vart storleg glad i Herren, av di de endeleg ein gong er komne so vidt til velmagt att, at de kunde tenkja på min bate, som de og fyrr tenkte på, men de hadde ikkje høve til det. 11Ikkje so at eg segjer dette av trong, for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev. 12Eg veit å liva i ringe kår, eg veit og å liva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd. 13Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk. 14Men endå gjorde de rett i å vera med meg i mi trong. 15Men de veit og, de filipparar, at i den fyrste tid evangeliet kom til dykk, då eg for frå Makedonia, kom ingen kyrkjelyd i rekneskap med meg yver gjeve og motteke utan de åleine. 16For ogso i Tessalonika sende de meg både ein gong og tvo gonger det eg turvte. 17Ikkje so at eg trår etter gåva; men eg trår etter den frukt som rikleg kjem dykk til gode. 18Men no hev eg fenge alt og hev nøgd, eg hev fullt upp, sidan eg med Epafroditus fekk sendingi frå dykk, ein yndeleg ange, eit offer til fagnad og hugnad for Gud. 19Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus. 20Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen. 21Helsa kvar heilag i Kristus Jesus! Brørne hjå meg helsar dykk. 22Alle dei heilage helsar dykk, mest dei som høyrer til keisarens hus. 23Herren Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!