1Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing. 2Sjå hundarne, sjå dei vonde arbeidarar, sjå dei sundskorne! 3For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss av Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt, 4endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir. 5Eg er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebræar av hebræarar, i syn på lovi ein farisæar, 6i ihuge ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulasteleg. 7Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap, 8ja, eg held og i sanning alt for tap mot det som er so mykje meir verdt: kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, berre eg kann vinna Kristus 9og verta funnen i honom, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui, 10so eg må kjenna honom og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med honom i hans daude, 11um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude. 12Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen! men eg jagar etter det, um eg og kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus. 13Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det. 14Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfyre, og tøygjer meg etter det som er framanfyre, og jagar mot målet, til den sigerspris Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus. 15So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette; 16berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret. 17Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på deim som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme! 18For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå segjer med tåror, at dei er fiendar av Kristi kross, 19dei som endar med fortaping, som hev buken til sin Gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting. 20For vårt borgarsamfund er i himmelen, der me og ventar Herren Jesus Kristus ifrå som frelsar, 21han som skal umskapa vår nedrings-likam, so han vert lik hans herlegdoms-likam etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.