1Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn: 2so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen, 3ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve. 4Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og! 5Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus, 6han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik, 7men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje, 8nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen. 9Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn, 10so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi, 11og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra. 12Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte! 13For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje. 14Gjer alt utan murring og tvilsmål, 15so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi, 16med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes. 17Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle. 18Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg! 19Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk. 20For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk. 21For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til; 22men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet. 23Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi. 24Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart. 25Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong, 26av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk. 27For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg. 28Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus. 29Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra! 30For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.