1Då Moses hadde fenge reist gudshuset og salva og vigsla det, og hadde salva og vigt all husbunaden og altaret med alt som til høyrde, 2då kom Israels jarlar, ættehovdingarne og fylkesstyrararne, dei som hadde stade for mynstringi, 3og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med, 4og Herren sagde til Moses: 5«Tak i mot det av deim! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitarne, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.» 6So tok Moses imot vognerne og uksarne, og gav deim til levitarne: 7Gersons-sønerne gav han tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med. 8Og Merari-sønerne gav han fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skulde rettleida deim. 9Kahats-sønerne gav han ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi, og bera deim på herdarne. 10Den dagen altaret vart salva, kom hovdingarne med vigslegåvor, og bar deim fram åt altaret. 11Då sagde Herren til Moses: «Lat hovdingarne bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag.» 12Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, av Juda-ætti. 13Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ein halv mork, heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 14og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 15og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 16og ein geitebukk til syndoffer, 17og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab. 18Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti, 19og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 20og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 21og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 22og ein geitebukk til syndoffer, 23og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar. 24Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-sønerne, Eliab, son åt Helon, 25med gåva si, og det var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 26og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse, 27og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 28og ein geitebukk til syndoffer, 29og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon. 30Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-sønerne, Elisur, son åt Sede’ur. 31Gåva han bar fram, var eit sylvfat som åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 32og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 33og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 34og ein geitebukk til syndoffer, 35og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede’ur. 36Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-sønerne, Selumiel, son åt Surisaddai. 37Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 38og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 39og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 40og ein geitebukk til syndoffer, 41og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai. 42Sette dagen kom hovdingen yver Gads-sønerne, Eljasaf, son åt Re’uel. 43Og gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 44og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 45og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 46og ein geitebukk til syndoffer, 47og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt Re’uel. 48Sjuande dagen kom hovdingen yver Efraims-sønerne, Elisama, son åt Ammihud. 49Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 50og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 51og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 52og ein geitebukk til syndoffer, 53og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud. 54Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-sønerne, Gamliel, son åt Pedasur. 55Hans gåva var og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 56og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 57og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 58og ein geitebukk til syndoffer, 59og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur. 60Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-sønerne, Abidan, son åt Gideoni. 61Han gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 62og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 63og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 64og ein geitebukk til syndoffer, 65og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni. 66Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-sønerne, Ahiezer, son åt Ammisaddai. 67Det han gav var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 68og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 69og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 70og ein geitebukk til syndoffer, 71og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahiezer, son åt Ammisaddai. 72Ellevte dagen kom hovdingen yver Assers-sønerne, Pagiel, son åt Okran. 73Han og gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 74og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse, 75og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 76og ein geitebukk til syndoffer, 77og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran. 78Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-sønerne, Ahira, son åt Enan, 79og han gav og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 80og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 81og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 82og ein geitebukk til syndoffer, 83og til takkofferet tvo naut og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahira, son åt Enan. 84Dette var vigslegåvorne frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler. 85Kvart sylvfat vog åtte merker, og kvar sylvbolle fire og ei halv mork; alle sylvkopparne i hop vog hundrad og femti merker etter heilag vegt. 86Dei tolv gullskålerne, som var fyllte med røykjelse, vog ti lodd kvar etter heilag vegt; alle gullskålerne i hop vog sju og ei halv mork. 87Av brennoffer-fe var det i alt tolv uksar og tolv verar og tolv årsgamle verlamb, med grjonoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer, 88og av takkoffer-fe fire og tjuge uksar og seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvorne som vart framborne då altaret var salva. 89Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.