1Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde: 2[2-3] «I Levi-ætti skal du taka tal på deim av Kahats-sønerne som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet, du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner. 3[-] 4Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi. 5Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønerne hans ganga inn, og taka ned forhengtæpet, og breida det yver lovtavlekista. 6Ovanpå det skal dei leggja ein feld av markuskinn, og breida ein heilvoven purpurduk yver, og so setja berestengerne i. 7Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der. 8Og yver alt dette skal dei breida ein karmesinraud klædesduk, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og setja berestengerne i. 9So skal dei taka eit purpurklæde og breida yver den bjarte ljosestaken og lamporne som høyrer til, og sakserne og saksplatorne og alle oljekopparne som dei hev når dei steller lamporne, 10og sveipa både staken og alle desse gognerne inn i ein feld av markuskinn, og leggja det på ei berebår. 11Yver det gullaltaret skal dei og breida eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og so setja berestengerne i. 12So skal dei taka alle dei gognerne som dei hev til gudstenesta i heilagdomen, og leggja deim i eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um deim, og leggja dei på ei bår. 13Storaltaret skal dei reinska for oska, og breida eit skarlaksklæde yver det 14og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i. 15Og når Aron og sønerne hans er ferdige og hev sveipt inn dei heilage tingi og alle dei gognerne som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-sønerne koma og bera; men dei må ikkje røra dei heilage tingi; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-sønerne skal bera av det som høyrer til møtetjeldet. 16Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege grjonofferet og salvingsoljen, og med heile gudshuset og alt som der finst av heilage ting og gogner som høyrer til.» 17Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde: 18«Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket! 19Høyr no kva de skal gjera for deim, so dei kann få liva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei heilage tingi: Aron og sønerne hans skal koma, og setja deim, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna deim byrderne dei skal bera. 20Men dei må ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og skoda det heilage; for då lyt dei døy.» 21Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 22«Av Gersons-sønerne skal du og taka tal på deim som er millom tretti og femti år, 23og er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstra deim etter ætter og ættgreiner. 24Høyr no kva det er Gersons-ætterne hev å gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal føra: 25dei skal føra åklædeveverne som høyrer til gudshuset, og møtetjeldet og taket og markuskinns-tekkjet som ligg ovanpå taket, og tæpet til møtetjelddøri, 26og lereftsgarden, og dørtæpet til porten åt tunet kring huset og altaret, og tjeldtogi, og alle arbeidsgreidorne som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida. 27Etter det som Aron og sønerne hans segjer, skal Gersons-sønerne retta seg i alle måtar, både med føringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja deim fyre å taka vel vare på alt det dei førar. 28Dette er det Gersons-ætterne skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim i alt dei hev å gjera. 29So skal du telja deim av Merari-sønerne 30som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner. 31Det dei hev å føra og skal hava umsut med i møtetjeldet, det er plankarne i huset, med tverstokkarne og stolparne og stabbarne som høyrer til, 32og stolparne i tungarden, med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som skal gjerast med det, og de skal nemna for deim kvar ting som de vil hava deim til å taka vare på og føra. 33Dette er det Merari-ætterne skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim.» 34Då no Moses og Aron og formennerne for lyden hadde mynstra Kahats-sønerne, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, 35so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet, 36so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt. 37Det var talet på deim som vart mynstra i Kahats-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med. 38Då Gersons-sønerne var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, 39so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet, 40so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein. 41Det var talet på deim som vart mynstra i Gersons-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod. 42Då Merari-sønerne og ætterne deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, 43so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet, 44so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt. 45Det var talet på deim som vart mynstra i Merari-ætterne, deim som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med. 46Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid, 47og Moses og Aron og Israels hovdingar hadde mynstra deim etter ætter og ættgreiner, 48so var det åtte tusund og fem hundrad og åtteti mann. 49Dei vart no etter Herrens bod sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd og greida kvar si ærend, og Moses rettleide deim, som Herren hadde sagt med honom.