1Og Herren tala til Moses, og sagde: 2«Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.» 3Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan. 4Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.» 5Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner. 6Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne. 7Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner. 8Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira. 9So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte; 10og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på. 11Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke, 12førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget. 13Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret. 14Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann, 15og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne? 16Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd. 17Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera! 18Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til. 19Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira. 20Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.» 21Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses: 22Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly, 23alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn. 24Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.» 25Og Herren sagde til Moses: 26«Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga, 27og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket. 28Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe; 29det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren. 30Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.» 31Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses. 32Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund; 33uksar og kyr: tvo og sytti tusund; 34asen: ein og seksti tusund; 35av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund. 36Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet, 37so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti; 38uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti; 39asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti; 40fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar. 41Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom. 42Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne, 43den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter, 44og seks og tretti tusund uksar og kyr, 45og tretti tusund og fem hundrad asen, 46og sekstan tusund fangar. 47Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom. 48So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses 49og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann. 50Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.» 51Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting. 52Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne. 53Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg. 54Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.