1No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet: 2Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar. 3Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet. 4Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo. 5Og Herren tala til Moses, og sagde: 6«Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp. 7Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset. 8Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset. 9Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket. 10Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.» 11Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 12«Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine. 13For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.» 14Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde: 15«Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.» 16So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd. 17Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari. 18Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i. 19Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel. 20Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira. 21Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne. 22Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann. 23Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest. 24Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael. 25Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri, 26og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det. 27Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne. 28Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi. 29Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset. 30Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel. 31Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det. 32Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen. 33Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne. 34Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann. 35Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset. 36Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det, 37og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til. 38Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet. 39Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann. 40Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet, 41og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.» 42So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom. 43Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti. 44Då sagde Herren til Moses: 45«Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren. 46Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar, 47skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren, 48og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.» 49So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne; 50av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt - 51og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.