1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma, 2og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte, 3og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren, 4og ei kanna for kvart av dei sju lambi, 5og so ein syndofferbukk til soning for dykk, 6umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren. 7Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid; 8og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - 9og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren, 10og ei kanna for kvart av dei sju lambi, 11og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til. 12Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar. 13Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - 14og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne, 15og ei kanna for kvart av dei fjortan lambi, 16og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 17Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 18og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 19og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer; 20tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 21og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 22og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 23fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 24med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 25og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 26femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 27med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 28og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 29sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 30med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 31og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 32sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 33med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 34og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 35Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid; 36og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte, 37med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet, 38og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 39Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»» 40