1Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim. 2Då gjorde Israel ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du dette folket i våre hender, so skal me bannstøyta byarne deira.» 3Og Herren høyrde bøni, og gav kananitarne i Israels hender, og Israel bannstøytte deim og byarne deira; sidan kalla dei den staden Horma. 4Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet, og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge; 5dei lasta Gud og Moses, og sagde: «Kvi hadde de oss burt frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.» 6Då sende Herren eiterormar, som for inn imillom folket og hogg deim, so mange av deim døydde. 7So kom dei til Moses, og sagde: «Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormarne!» Då bad Moses for folket. 8Og Herren sagde til Moses: «Gjer deg ein eitarorm, og set honom upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på honom få liva.» 9So gjorde Moses ein koparorm, og sette honom på ei stong, og kvar gong ormarne hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han liva. 10Sidan tok Israels-sønerne i vegen att, og lægra seg i Obot. 11So tok dei ut frå Obot, og lægra seg ved Ijje-ha-Abarim i øydemarki austanfor Moab. 12So for dei derifrå, og slo læger i Zereddalen. 13So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne; 14difor stend det i boki um Herrens herferder: «Vaheb vann me snøgge som vinden, åern’ alle, ja sjølve Arnon - 15elvelidi som heldt til Arheim og hallar seg uppåt Moabs-eigni.» 16So for dei til Be’er. Der er den brunnen som Herren tala um då han sagde til Moses: «Kalla i hop folket, so skal eg gjeva deim vatn!» 17Då song Israel denne songen: «Vell upp, du klåre olla! Ein song me vil deg syngja! 18Du brunn som jarlar bora, og hovdingarne hola med styrarstavarn’ sine - frå aude grunn ei gåva.» 19Frå Mattana for dei so til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot, 20og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen av Pisgafjellet, og hallar ned imot Øydemoen. 21Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritarne, og sagde: 22«Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrarne eller vingardarne, og ikkje drikka av brunnarne; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne gjenom landet ditt.» 23Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim. 24Men Israel hogg honom ned med kvasse sverd, og tok landet hans, frå Arnon til Jabbok til Ammonriket; men landskilet åt Ammons-sønerne var tettsett med borger. 25Og Israel lagde under seg alle byarne åt amoritarne, og vart buande der, i Hesbon og alle dei byarne som høyrde til. 26For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde slegest med den fyrre kongen i Moab, og teke frå honom alt landet heilt til Arnon. 27Difor segjer skalden: «Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg! 28For eld for ut frå Hesbon, frå Sihons stad ein loge, som øydde Ar i Moab og herja deim som hyste på Arnonhøgdene. 29Ai ei, no er det ute med ætti åt Kamos! Han sønern’ sine sender som rømingar or riket, og sine døtter driv han til amoritardrotten Sihon i fangeferd. 30Me skot på skot deim sende; Hesbon vart lagd i grus og heile landet herja med odd og egg, til Dibon. Me øydde alt ikring oss, og kveikte ufredselden alt burt åt Medeba.» 31Israels-sønerne slo seg ned i Amoritarlandet, 32og Moses sende njosnarar til Jazer; siden lagde dei under seg alle bygderne der ikring, og dreiv ut amoritarne som budde der. 33So tok dei på ei onnor leid, og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan, for i mot deim til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred. 34Men Herren sagde til Moses: «Du treng ikkje vera rædd honom! Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.» 35So hogg dei honom ned, både honom og sønerne og folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei åt seg landet.