1I den fyrste månaden kom Israels-sønerne, heile lyden, til Sinheidi, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd. 2Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron, 3og trætta med Moses, og sagde: «Gud gjeve me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn! 4Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt? 5Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland, og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller aplar og ikkje finst drikkevatn?» 6Moses og Aron hadde seg undan flokken, og gjekk fram i møtetjelddøri og kasta seg på kne. Då synte Herrens herlegdom seg for deim. 7Og Herren tala til Moses, og sagde: 8«Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!» 9Moses gjorde som Herren sagde: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn, 10og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?» 11So lyfte han handi, og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, og folket og feet deira fekk drikka. 12Men Herren sagde til Moses og Aron: «Sidan de ikkje trudde på meg, og ikkje let Israels-borni sjå mi guddomsmagt, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve deim.» 13Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt. 14Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide. 15Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre; 16då ropa me til Herren, og han høyrde bønerne våre, og sende oss ein engel, som førde oss ut or Egyptarland, og sjå no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt. 17Snilde deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga yver åkrarne eller vinhagarne, og ikkje taka vatn or brunnarne; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av, korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.»» 18Men Edom svara: «Du må ’kje fara fram her; gjer du det, so møter eg deg med sverd i hand.» 19«Eg skal fylgja storvegen,» sagde Israel, «og dersom eg drikk av vatnet ditt, eg eller buskapen min, so skal eg gjeva deg like for det. Det kann då ’kje gjera noko um eg gjeng etter vegen.» 20«Nei, du slepp ikkje fram her,» svara Edom, og gjekk imot deim med mykje folk og våpn. 21Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel laut taka ei onnor leid. 22So tok dei ut ifrå Kades, heile Israels-lyden, og kom til Horfjellet. 23Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron: 24«No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne. 25Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet; 26og tak av Aron presteklædi, og hav deim på Eleazar, son hans! So skal Aron døy der, og fara til federne sine.» 27Moses gjorde som Herren sagde, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt alt folket, 28og Moses tok av Aron presteklædi, og hadde deim på Eleazar, son hans. So døydde Aron der uppå fjellet, og då Moses og Eleazar kom ned av fjellet, 29og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ætterne yver honom i tretti dagar.