1Då no Sanballat høyrde gjete at me dreiv på og bygde på muren, vart han brennande harm og fælt sinna. Han spotta jødarne, 2og tala soleis til brørne sine og til stridsfolket i Samaria: «Kva er det desse visne jødarne driv på med? Skal dei hava lov til sovore? Skal dei få ofra? Kann henda dei vil få arbeidet ferdigt i dag! Kann henda dei vil blåsa liv i steinarne frå dei forbrende røysarne!» 3Ammoniten Tobia, som stod jamsides med honom, sagde: «Lat deim byggja so mykje dei vil. Berre ein rev hoppar uppå, kjem han til å riva ned heile steinmuren!» 4«Høyr, vår Gud, kor me er til spott og spe! Lat hædingi deira koma attende på deira eige hovud og gjev deim til plundring i eit land der dei lyt vera fangar! 5Løyn ikkje misgjerningi deira! Lat ikkje syndi deira verta utstroki for di åsyn, av di dei hev krenkt deg medan byggjarane høyrde på det!» 6Me bygde på muren, og heile muren vart gjort ferdig upp til halve høgdi. Og folket hadde godt mod på arbeidet. 7Men då Sanballat og Tobia og arabararne og ammonitarne og asdoditarne høyrde at murarne i Jerusalem heldt på å heilna og rivnorne tok til å teppast, då vart dei brennande harme. 8Dei lagde seg i hop alle saman um å koma og strida mot Jerusalem og gjera ugreida for folket. 9Då bad me til vår Gud. Og me sette vaktpostar natt og dag til vern mot deim. 10Men jødarne sagde: «Magti tryt hjå arbeidsfolket, og grushaugane er for store; me orkar ikkje byggja på muren!» 11Og fiendarne våre sagde: «Inkje skal dei gå og inkje skal dei sjå fyrr me kjem midt uppi flokken og høgg deim ned og soleis gjer ende på arbeidet.» 12Og jødarne som budde nær deim, kom frå alle kantar og sagde med oss vel ti gonger: «De lyt koma attende til oss.» 13Då fylkte eg folket i lægderne bak muren, på dei opne plassarne; fylkte deim kvar ættgrein for seg med sine sverd og med spjot og med bogar. 14Eg mynstra deim, gjekk so fram og tala til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Ver ikkje rædde deim! Tenk på Herren, den store og skræmelege, og strid for brørne dykkar, for sønerne og døtterne dykkar, for konorne dykkar og for heimarne dykkar.» 15Då fiendarne våre fekk spurt at me hadde full greida på det, og at Gud soleis hadde gjort rådi deira um inkje, so kunde me alle ganga attende til muren kvar til sitt arbeid. 16Men frå den dagen dreiv berre helvti av drengjarne mine på med arbeidet; andre helvti stod væpna med spjot, med skjoldar, bogar og brynjor. Hovdingarne stod attanfor heile Judas hus. 17Dei som bygde på muren og dei som leste på seg og bar byrdor, med eine handi gjorde dei arbeidet, med hi heldt dei verja. 18Kvar byggjar spente sverd um seg, og dei bygde medan hornblåsaren stod jamsides med meg. 19Og eg sagde til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Arbeidet er stort og vidsveimt; og me er spreidde på muren langt frå kvarandre. 20Der de høyrer hornet ljoda, dit skal de samla dykk til oss. Vår Gud vil strida for oss.» 21So dreiv me då på med arbeidet, medan helvti av folket heldt spjoti, frå morgonroden rann til stjernorne synte seg. 22Samstundes baud eg folket: «Kvar og ein med sin dreng skal vera med natti inne i Jerusalem, so me kann hava deim til vakt um natti og til arbeid um dagen.» 23Korkje eg eller frendarne mine eller drengjerne eller vaktmennerne mine, kom or klædi. Våpni var for kvar og ein likso umissande som vatn.