1På den tidi las dei upp for folket or Moseboki, og dei fann det skrive der at ingen ammonit eller moabit nokon sinn måtte vera med i Guds lyd, 2for di dei ikkje hadde kome imot Israels-borni med brød og vatn, og for di dei hadde leigt imot deim Bileam til å lysa våbøn yver deim; endå vår Gud vende våbøni um til velsigning. 3Då dei høyrde lovi, skilde dei ut frå Israel allslag framandfolk. 4Men fyrr dette hende, hadde presten Eljasib, som stod i skyldskap til Tobia, fenge tilsynet med kovarne i Guds hus. 5Og han hadde innreidt ein stor kove åt honom der dei fyrr hadde gøymt grjonofferet, røykjelsen, kjeraldi, tiendi, korn, druvesaft og olje, dei lovheimla avgifterne til levitarne og songarane og portvaktarane, og prestereidorne. 6Då alt dette gjekk fyre seg, var ikkje eg i Jerusalem; i det tvo og trettiande styringsåret åt Babel-kongen Artahsasta var eg attkomen til kongen. Men då ei tid var lidi, bad eg kongen um heimlov. 7Då eg so kom til Jerusalem, gådde eg det vonde Eljasib hadde gjort, med å reida inn åt Tobia ein kove i tuni ved Guds hus. 8Eg tykte fælt ille um det, og eg kasta ut or koven all husbunaden hans Tobia. 9Eg baud at dei skulde reinsa kovarne. Og so fekk eg inn att gognerne til Guds hus, grjonofferet og røykjelsen. 10Framleides fekk eg greida på at levitarne ikkje fekk avgifterne sine, og at difor levitarne og songarane hadde flutt ut på landet til kvar sin eigedom, i staden for å gjera tempeltenesta. 11Då skjemde eg på formennerne og sagde: «Kvifor hev Guds hus vorte gløymt?» Eg stemnde deim saman og sette deim inn att kvar på sin stad. 12Og heile Juda førde fram til upplagsromi tiendi av korn og druvesaft og olje. 13Tilsynet med upplagsromi gav eg til presten Selemja og den skriftlærde Sadok og ein levit, Pedaja; til hjelpesmann gav eg deim Hanan, son åt Zakkur Mattanjason; for dei vart haldne for pålitande. Til deim låg det no å skifta ut til brørne sine. 14Kom meg i hug for dette, min Gud, og lat ikkje dei kjærleiksgjerningar verta gløymde som eg hev gjort for min Guds hus og tenesta der! 15Samstundes såg eg i Juda kor dei trødde vinpersa um kviledagen, kor dei bar heim kornbandi og klyvja deim på asni, like eins vin, druvor, fikor og allslags varor, og førde til Jerusalem um kviledagen. Eg vara deim åt den dagen dei selde desse matvaror. 16Tyrus-folk som hadde busett seg der, kom ogso med fisk og allslag varor og selde til jødarne um kviledagen, og det i Jerusalem. 17Då skjemde eg på adelsmennerne i Juda, og sagde til deim: «Korleis kann de fara so ille og vanhelga kviledagen? 18Var det ikkje av di federne dykkar for åt like eins, at vår Gud førde all denne ulukka yver oss og yver denne byen? Og no aukar de endå meir harmen hans mot Israel, med å vanhelga kviledagen!» 19So snart det tok til å myrkna i portarne i Jerusalem fyre kviledagen, gav eg bod um å læsa portarne, og ikkje opna deim att fyrr kviledagen var liden. Eg sette nokre av drengjerne mine på vakt ved portarne, so ingen skulde føra inn nokor byrd um kviledagen. 20Kjøpmenner og handlarar med allslags torgvaror natta utanfor Jerusalem både ein og tvo gonger. 21Men eg vara deim åt og sagde: «Kva skal det vera til at de nattar utanfor muren? Gjer de det ein gong til, so skal de få kjenna neven min.» Frå den tidi kom dei ikkje meir um kviledagen. 22Eg baud levitarne reinsa seg og so koma og halda vakt ved portarne, so kviledagen kunde haldast heilag. Ogso for dette må du koma meg i hug, min Gud, og miskunna meg etter din store nåde. 23Samstundes såg eg kor jødarne hadde gift seg med asdoditiske, ammonitiske og moabitiske kvinnor. 24Helvti av borni deira tala Asdod-mål eller tungemålet til dei andre folki, og kunde ikkje tala jødisk. 25Eg skjemde på deim og banna deim, ja, eg slog og lugga sume av deim. Og eg tok deim i eid ved Gud og sagde: «Ikkje må det gifta døtterne dykkar med sønerne deira og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar eller åt dykk sjølve. 26Var det ikkje for deira skuld at Salomo, Israels konge, synda? Det fanst ikkje makan til konge millom dei mange folki. Hans Gud elska honom, og Gud sette honom til konge yver heile Israel. Jamvel honom fekk dei framande kvinnorne til å synda. 27Skal det verkeleg verta spurt at de hev gjort all denne store vondskap og vore utrue mot vår Gud og gift dykk med framande kvinnor?» 28Ein av sønerne åt Jojada, son åt øvstepresten Eljasib, var mågen åt horoniten Sanballat; honom jaga eg burt frå meg. 29Kom deim i hug, min Gud, for di dei hev sulka til prestedømet og pakti um prestarne og levitarne! 30Soleis reinsa eg deim for alt framandt. Eg fastsette tenestorne for prestarne og levitarne, det kvar skulde ha umsut med i sitt arbeid, 31og korleis det skulde vera med vedofferet til visse tider og med fyrstegrøda. Kom meg i hug for dette, min Gud, og rekna meg det til godes!