1Usæl eg! For meg hev det gjenge som når sumarfrukti er innhausta, som når ettersankingi etter vinhausten er slutt; det finst ikkje ei einaste druva til å eta, ikkje ei einaste tidlegfika, som eg kunde havt hug på. 2Den gudlege er burtkomen or landet, og det finst ingen ærleg mann millom menneski. Alle i hop ligg dei på lur etter blod; kvar og ein vil fanga den andre i garnet sitt. 3Med båe hender arbeider dei på å gjera det vonde godt. Fyrsten kjem med krav, og domaren er til fals for pengar, og storkaren taler ope ut um det som han hev hug på. Soleis snur dei det til. 4Den beste av deim er som ein klunger, den ærlegaste verre enn eit klungergjerde. Dagen åt vaktmennerne dine, di heimsøkjing kjem. No vert dei forfjetra. 5Tru ikkje på nokon ven! Lit ikkje på nokon kjenning! For henne som ligg i famnen din, må du vakta din munns dører! 6For sonen vanvyrder far sin, dotteri set seg upp imot mor si, sonekona imot vermor si, ein manns husfolk er fiendarne hans. 7Men eg vil skoda etter Herren, eg vil venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg. 8Gled dykk ikkje yver meg, du min fiende! Er eg falli, so reiser eg meg upp att. Sit eg i myrkret, so er Herren ljoset mitt. 9Herrens vreide vil eg bera, for eg hev synda mot honom, til han tek saki mi upp og hjelper meg til retten min. For han skal leida meg ut i ljoset. Med gleda skal eg sjå på hans rettferd. 10Måtte ho få sjå det, ho som er uvenen min, og skammi sveipa seg kringum henne som segjer til meg: «Kvar er han, Herren, din Gud?» Augo mine skal sjå på henne med fysnad. No skal ho verta nedtrakka som skarn på gata. 11Det kjem ein dag då dei skal reisa murarne dine upp att. Den dagen skal grensorne dine verta vide. 12Den dagen skal dei koma til deg heilt frå Assur og frå byarne i Egyptarland, ja, frå Egyptarland og alt til Storelvi, og frå hav til hav og frå fjell til fjell. 13Men jordi skal verta ei øydemark for deira skuld som bur på henne, for slik frukt ber gjerningarne deira. 14Gjæt folket ditt med staven din, den buskapen som du hev ervt, han som bur for seg sjølv i skogen på Karmel! Lat deim beita i Basan og Gilead liksom i forne tider! 15Ja, liksom i dei dagarne då du gjekk ut or Egyptarlandet, skal de få sjå underlege ting. 16Heidningarne skal få sjå det og skjemmast ved alt sitt velde. Dei skal verta nøydde til å leggja handi på munnen. Øyro deira skal verta dauve. 17Dei skal slikka mold liksom ormen, liksom makkarne som aular på jordi, skal dei koma skjelvande fram or borgerne sine. Med rædsla skal dei koma fram til Herren, vår Gud; og dei skal ottast deg. 18Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn. 19Atter skal han miskunna oss og trakka ned vår skuld. Du skal kasta alle synderne deira i havsens djup. 20Du skal syna Jakob truskap og Abraham miskunn, soleis som du hev svore åt federne våre i gamle dagar.