1Og eg sagde: Høyr, de Jakobs hovdingar, og de fyrstar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett? 2De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira, 3de som et mitt folks kjøt og riv hudi av deim, og beini deira bryt de sund, og breider deim ut liksom i ei gryta, liksom kjøtet ein legg i panna. 4Då skal dei ropa til Herren; men han skal ikkje svara deim; dylja skal han si åsyn for deim på den tidi, av di dei gjorde det som vondt var i si åtferd. 5Soleis talar Herren mot dei profetarne som vildrar folket mitt, mot deim som ropar: «Fred!» når dei fær noko å bruka tennerne sine på, men som eggjar til heilag strid mot deim som ikkje stikk dei noko i munnen. 6Difor skal natt koma yver dykk utan syn, og myrker utan spådom. Ja, soli skal ganga ned yver profetarne, og dagen skal verta myrk yver deim. 7Og sjåarane skal skjemmast, og spåmennerne blygjast; dei alle skal hylja skjegget sitt, sidan det ikkje kjem noko svar frå Gud. 8Men eg, eg er full av kraft ved Herrens ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans fråfall og for Israel um hans synd. 9Høyr dette, de hovdingar for Jakobs hus, og de fyrstar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett og krøkjer alt som er beint, 10de som byggjer upp Sion med blod og Jerusalem med urett - 11hovdingarne der dømer for mutor, prestarne lærer for løn, og profetarne spår for pengar, alt medan dei styd seg på Herren og segjer: «Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.» 12Difor skal for dykkar skuld Sion verta pløgd som ein åker og Jerusalem skal verta til steinrøysar, og tempelberget til skoghaugar.