1Herrens ord, som kom til Mika frå Moreset i dei dagarne då Jotam og Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem. 2Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord og alle som på deg bur! No vil Herren, Herren vitna imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel. 3For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi. 4Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar. 5Og alt dette fær me for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem? 6So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein vinplantingsstad. Eg vil velta steinarne hennar ned i dalen og leggja grunnvollarne hennar berre. 7Alle dei utskorne bilæti hennar vil eg krasa; alle horegåvorne hennar vil eg brenna upp med eld; og alle gudebilæti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla deim i hop, og til horeløn skal dei atter verta. 8For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne. 9For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem. 10Kunngjer det ikkje i Gat! Gråt ikkje so sårt! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi. 11Burt med dykk, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-ha-Esel gjer det rådlaust for dykk å stogga der. 12For dei som bur i Marot, lengtar etter lukka; for ulukka hev fare ned frå Herren til porten i Jerusalem. 13Beit tråvaren for vogni, de som bur i Lakis! de var upphavet til syndi for dotteri Sions; for hjå dykk vart Israels fråfall fyrst funne. 14Difor lyt du gjeva Moreset-Gat skilsmålsbrev. Husi i Akzib vert ein svikal bekk for Israels kongar. 15Endå ein gong let eg landvinnaren koma yver dykk som bur i de Maresa. Radt til Adullam skal Israels herlegdom koma. 16Raka deg og klypp deg, i sorg yver kjæleborni dine! Gjer deg snaud til gagns som gribben; for dei vert førde burt ifrå deg.