1Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter, 2og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i. 3Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var? 4Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga! 5Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. 6Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund. 7Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk! 8For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. 9Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød, 10eller ein orm når han bed um ein fisk? 11Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom! 12Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne. 13Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der. 14Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom. 15Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar. 16På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? 17Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt, 18eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. 19Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20So skal de då kjenna deim på frukterne. 21Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil. 22På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?» 23Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!» 24Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg. 25Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. 26Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. 27Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.» 28Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans. 29For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde.