1I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Judaheidi 2og sagde: «Vend um! For himmelriket er nær.» 3Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!» 4Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning. 5Då kom dei ut til honom frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordan-kverven, 6og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine. 7Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar? 8Ber då frukt som svarar til umvendingi, 9og tru ikkje de kann tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. 10Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. 12Han hev kasteskovlen i handi, og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» 13So kom Jesus frå Galilæa åt Jordan, til Johannes, og vilde få honom til å døypa seg. 14Men Johannes bar seg undan og sagde: «Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg!» 15«Lat det no vera so like vel!» svara Jesus. «For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett.» Då gjorde han som Jesus vilde. 16Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for honom, og han såg Guds Ande koma dalande nedyver seg som ei duva, 17og ei røyst frå himmelen sagde: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.»