1Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi. 2Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom. 3Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø. 4Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude. 5Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. 6Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg! 7Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.» 8Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans. 9Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans. 10Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.» 11Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt. 12Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengar 13og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov. 14Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.» 15So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag. 16Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom. 17Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila. 18Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi. 19Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, 20og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»