1Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen. 2Fem av dei var dårlege og fem vituge. 3Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg, 4men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine. 5Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. 6Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom! 7Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine. 8Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.» 9«Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.» 10Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd. 11Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!» 12Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.» 13So vak då! For de veit korkje dag eller time. 14Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin: 15ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet. 16Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til. 17Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til. 18Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin. 19So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine. 20Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!» 21Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» 22So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!» 23«Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» 24Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!» 26Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde! 27Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim. 28Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund! 29For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev. 30Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!» 31Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen; 32alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne, 33og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre. 34So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt! 35For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg; 36eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.» 37Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg? 38Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg? 39Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?» 40Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.» 41So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans! 42For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka; 43eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.» 44Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?» 45Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.» 46So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.