1Då dei var komne til Betfage, til Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, då sende Jesus tvo læresveinar i veg og sagde til deim: 2«Gakk inn i den grendi som ligg beint framfor dykk! Der finn de straks ei asna som stend bundi, og ein fole attmed henne; dei skal de løysa og leida hit til meg. 3Og er det nokon som talar til dykk, so seg: «Herren treng um deim;» då sender han deim hit med ein gong.» 4Dette hende av di det laut sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: 5«Seg til Sions dotter: Sjå, her kjem din konge til deg. Mjuk i åndi rid han på eit asen, folen åt eit klyvdyr.» 6Læresveinarne gjekk og gjorde som Jesus hadde sagt. 7Dei henta asna og folen, og lagde kjolarne sine på deim, og so sette han seg uppå. 8Og størsteparten av folket breidde klædi sine på vegen; andre braut kvister av trei og strådde på vegen. 9Og folkehoparne som gjekk fyre og fylgde etter, ropa: «Hosianna Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!» 10Då han so drog inn i Jerusalem, vart det eit heilt oppstyr i byen; dei spurde: «Kven er dette?» 11Og folkehoparne svara: «Det er profeten, Jesus frå Nasaret i Galilæa.» 12So gjekk Jesus inn i Guds tempel og dreiv ut alle som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor, 13og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus,» men de gjer det til eit røvarbol.» 14I templet kom det blinde og halte til honom, og han gjorde deim gode att. 15Men då dei øvste prestarne og dei skriftlærde såg underi han gjorde, og høyrde borni som ropa i templet: «Hosianna Davids son!» so vart dei arge og sagde til honom: 16«Høyrer du kva desse segjer?» «Ja!» svara han. «Hev de aldri lese: «Av småsveins mål og sogbarns låt hev du ein lovsong laga deg?»» 17So gjekk han frå deim og ut or byen, til Betania, og var der med natti. 18Då han gjekk inn til byen att um morgonen, vart han svolten. 19Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann ’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet. 20Då læresveinarne såg det, undra dei seg og sagde: «Korleis kunde det hava seg at fiketreet turka so brått?» 21Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Dersom de trur og ikkje tvilar, so skal de gjera større ting enn det med fiketreet, ja, um de so segjer til dette fjellet: «Lyft deg upp og kasta deg ut i havet!» so skal det verta so. 22Og alt de bed um, skal de få, so sant de trur.» 23So gjekk han inn i templet, og med han lærde folket, kom dei øvste prestarne og styresmennerne for lyden burt til honom og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, og kven gav deg den retten?» 24«No vil eg og spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus; «svarar de meg på det, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette: 25Kvar var dåpen åt Johannes ifrå - frå himmelen eller frå menneskje?» Då sagde dei seg imillom: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?» 26Og svarar me: «Frå menneskje,» då må me ræddast folket; for alle held Johannes for ein profet.» 27So svara dei: «Det veit me ikkje.» «Då vil ikkje eg heller segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette,» svara Jesus. 28«Men kva meiner de um det: Det var ein mann som hadde tvo søner. Han kom til den eine og sagde: «Gakk burt i vingarden, og arbeid der i dag, son min!» 29«Nei, eg vil ikkje,» svara han, men sidan angra han på det og gjekk. 30So kom faren til den andre, og sagde det same med honom. «Ja, herre, det skal eg,» svara han, men han gjekk ikkje. 31Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste,» svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de. 32For Johannes kom til dykk på rettferdsvegen, men de trudde honom ikkje. Tollmennerne og skjøkjorne dei trudde honom; men endå de såg det, kom de ikkje på andre tankar, og trudde honom ikkje då heller. 33Høyr no ei onnor likning: Det var ein gong ein husbonde, som laga ein vingard, og sette gjerde kringum, og stelte til ei vinpersa, og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for ut or landet. 34Då det no leid til at dei skulde hausta av hagen, sende han sveinarne sine til brukarane etter avlingi han skulde hava. 35Men brukarane greip sveinarne hans: ein skamslo dei, og ein drap dei, og ein steina dei. 36So sende han andre sveinar, fleire enn fyrste gongen; men dei gjorde like eins med deim. 37Sist so sende han son sin til deim og sagde: «Dei hev no vel age for son min!» 38Men då brukarane såg sonen, sagde dei seg imillom: «Sjå der er ervingen! Kom, lat oss slå honom i hel og eigna til oss arven hans!» 39So tok dei honom og støytte honom ut or vingarden og slo honom i hel. 40Når no vingardseigaren kjem, kva skal han då gjera med desse brukarane?» 41«Med vondt skal han løna desse vonde mennerne,» svara dei; «han skal gjera ende på deim, og vingarden skal han leiga burt til andre brukarar, som gjev han avlingi i rette tid.» 42Då sagde Jesus til dei: «Hev de aldri lese i skrifterne: «Den steinen som byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein; D’er Herren sjølv som so hev gjort det; for oss er det eit under stort?» 43Difor segjer eg dykk at Gudsriket skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei frukterne som høyrer til der. 44Og den som fell på steinen, han skal slå seg sund, men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.» 45Då dei øvste prestarne og farisæarane høyrde likningarne hans, skyna dei at det var deim han tala um. 46Og dei tenkte på å gripa honom, men torde ikkje for folket; for dei heldt honom for ein profet.