1For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2Han vart samd med arbeidsfolki um ei mark for dagen, og sende deim burt i vingarden. 3So gjekk han ut ikring den tridje timen, og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget. 4Han sagde til deim: «Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få.» So gjekk dei. 5Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins. 6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att, og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: «Kvi stend de her arbeidslause heile dagen?» 7«Av di ingen hev leigt oss,» svara dei. «Gakk de og burt i vingarden!» sagde han då. 8Um kvelden sagde vingardseigaren til hushaldaren sin: «Ropa inn arbeidsfolket, og lat deim få løni si! Tak til med dei siste, og haldt fram til dei fyrste!» 9So kom dei som var leigde kring den ellevte timen, og fekk ei mark kvar. 10Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar si mark; 11då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sagde: 12«Desse siste hev ’kje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du deim likt med oss, som hev slite og sveitta heile dagen!» 13Då svara han ein av deim: «Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ’kje samde um ei mark? 14Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg. 15Hev eg ’kje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?» 16Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.» 17Med Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinarne til sides og sagde til deim: 18«No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livet 19og gjeva honom yver til heidningarne, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta honom; men tridje dagen skal han standa upp att.» 20Då kom mor åt Sebedæus-sønerne til honom med sønerne sine, og fall på kne og bad honom um noko. 21«Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Seg at desse tvo sønerne mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida!» 22«De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. «Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka?» «Ja, det kann me,» svara dei. 23Då sagde han: «Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som far min hev etla det åt.» 24Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne. 25Då kalla Jesus deim kring seg og sagde: «De veit at fyrstarne råder yver folki sine, og dei store hev velde yver deim. 26Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre, 27og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre. 28Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.» 29Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med honom. 30Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: «Gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!» 31Folket truga deim, og sagde dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: «Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son!» 32Då stana Jesus og ropa på deim og sagde: «Kva vil de eg skal gjera for dykk?» 33«Herre, lat oss få att syni!» svara dei. 34Jesus tykte synd i deim og tok burtpå augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde honom.