1Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen. 2Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,» 3og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda. 4Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt. 5Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg. 6So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!» 7Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!» 8Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande? 9Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att, 10og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att? 11Kann de då ’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!» 12Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane. 13Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?» 14Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen,» andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»» 15«Kven segjer då de at eg er?» spurde han. 16Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.» 17Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen. 18Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne. 19Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.» 20So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias. 21Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att. 22Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!» 23Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev ’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.» 24Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg. 25For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det. 26Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si? 27For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort. 28Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»