1So kom det nokre farisæarar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sagde: 2«Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!» 3«Og de,» svara han, «kvi bryt de Guds bod for skikkarne dykkar skuld? 4Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!» 5Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet,» so tarv han ikkje æra foreldri sine.» 6Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra skuld. 7De hyklarar! Jesaja spådde sant um dykk då han sagde: 8«Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, men hugen deira er langt ifrå meg. 9D’er liten mun i at dei meg vil æra, når dei lærer folk det som er mannebod.»» 10So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!» 11Det er ’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein! 12Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?» 13Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot. 14Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.» 15Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Tyd oss den likningi di!» 16«Hev de endå ikkje betre vit, de heller?» svara han. 17«Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal? 18Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer menneskja urein; 19for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting. 20Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein. 21So for Jesus derifrå, og tok vegen burt til bygderne kring Tyrus og Sidon. 22Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.» 23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.» 24«Det er berre dei forkomne sauerne av Israelshuset eg er send til,» svara han. 25So kom ho og fall på kne for honom og sagde: «Herre, hjelp meg!» 26Men han svara: «Det er ’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.» 27«Det er sant, Herre,» sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.» 28Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi. 29So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der. 30Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att, 31so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud. 32Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.» 33Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?» 34«Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei, «og nokre få småfiskar.» 35Då let han folket setja seg ned på marki, 36og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket. 37Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger. 38Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born. 39Sidan bad Jesus farvel med folket, og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.