1Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nedmed sjøen. 2Då samla det seg so mykje folk ikring honom, at han laut ganga ut på eit skip og setja seg der, og heile folkemengdi stod burtetter strandi. 3Då sagde han deim mangt og mykje i likningar og tok so til ords: «Ein såmann gjekk ut og skulde så, 4og då han sådde, fall noko av kornet frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp. 5Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt; 6men då soli steig, skein det av; for det hadde ikkje rot. 7Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det. 8Noko fall i god jord og gav grøda, sumt hundrad foll, og sumt seksti foll, og sumt tretti foll. 9Høyr etter, kvar som høyra kann!» 10Læresveinarne kom og sagde til honom: «Kvi talar du til deim i likningar?» 11Då svara han: «De fær vita løyndomarne i himmelriket, men det gjer ikkje dei. 12For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som inkje hev, skal missa endå det som han hev. 13Difor talar eg til deim i likningar; for um dei ser, so ser dei ikkje, og um dei høyrer, so høyrer dei ikkje og skynar ikkje. 14På deim vert det sanna det som Jesaja spådde: «Ja, høyra skal de nok, men ikkje håtta, sjå skal de nok, men de skal ikkje skilja. 15For dette folket hev so hard ein hug; tungt høyrer dei med øyro, og augo let dei att, so dei med augo inkje sjå, med øyro inkje høyra skal, og aldri med sitt hjarta skyna, og snu, so eg deim lækja fær.» 16Men sæle dykkar augo som ser, og dykkar øyro som høyrer! 17For det segjer eg dykk for sant: Mange profetar og rettferdige stunda etter å sjå det som de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, og fekk ikkje høyra det. 18So høyr no de likningi um såmannen: 19Kvar gong nokon høyrer ordet um Gudsriket, og ikkje skynar det, so kjem den vonde og stel burt det som er sått i hjarta hans; det er det kornet som var sått frammed vegen. 20Det som var sått på steingrunn, det er den som høyrer ordet og straks tek imot det med gleda, 21men han hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem han i naud eller fåre for ordet skuld, so leidest han snart og fell ifrå. 22Det som var sått millom klunger, det er den som høyrer ordet, men suti for det timelege og den svikalle rikdomen kjøver ordet, so det ikkje ber frukt. 23Det som var sått i god jord, det er dei som høyrer ordet og skynar det; dei er det som gjev grøda; ein gjev hundrad foll, og ein seksti foll, og ein tretti foll.» 24So sette han fram ei onnor likning og sagde: «Himmelriket kann liknast med ein mann som hadde sått godt frø i åkeren sin; 25men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde svimling millom kveiten, og gjekk sin veg. 26Då no åkeren voks upp og skaut aks, so kom svimlingen og til synes. 27Då gjekk sveinarne til husbonden og sagde: «Herre, sådde du ’kje godt frø i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?» 28«Det hev ein uven gjort,» svara han. «Vil du me skal ganga og rykkja det upp?» segjer dei. 29«Nei,» sagde han, «for då kunde de koma til å riva upp kveiten og med det same. 30Lat båe veksa med einannan til hausten, og når skurdonni kjem, vil eg segja til skjerarane: «Sanka fyrst svimlingen saman og bunta honom i hop til å brennast, men hav kveiten inn i løda mi!»»» 31So sette han fram ei likning til og sagde: «Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin. 32Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinerne på det.» 33So sagde han deim ei onnor likning: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kona tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt mjølet var syrt.» 34Alt dette tala Jesus til folket i likningar, og utan likningar tala han aldri til deim, 35so det skulde sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: «Med likningar so vil eg lata upp min munn, og segja fram det som var løynt frå verdi vart.» 36So bad han farvel med folket og gjekk inn att. Då kom læresveinarne til honom og sagde: «Tyd ut for oss likningi um svimlingen i åkeren!» 37Han svara: Den som sår det gode frøet, er Menneskjesonen; 38åkeren er verdi; det gode frøet er dei som eig heime i Gudsriket, og svimlingen dei som høyrer under den vonde; 39uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englarne. 40Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi: 41Menneskjesonen skal senda ut englarne sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett, 42og kasta deim i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 43Då skal dei rettferdige skina som soli i riket åt far sin. Høyr etter, kvar som høyra kann! 44Himmelriket er likt ein skatt som var nedgraven i ein åker. Den skatten var det ein mann som fann; han grov honom ned att, og glad som han var, gjekk han burt og selde alt det han hadde, og kjøpte åkeren. 45Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter væne perlor. 46Då han so fann ei som var ovgild, gjekk han av og gjorde alt han åtte i pengar, og kjøpte den perla. 47Sameleis er himmelriket likt ei not som dei kastar i sjøen og fangar alle slag fisk i; 48når ho er full, dreg dei henne upp på strandi, og so set dei seg ned og sankar den gode fisken i koppar, men den som ikkje duger, kastar dei ut. 49Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englarne fara ut og skilja dei vonde frå dei gode 50og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 51«Skyna de alt dette?» «Ja,» svara dei. 52«Det er godt,» sagde han; «for ein lærar som hev gjenge himmelriks-skulen, er lik ein husbond som tek fram både nytt og gamalt av det han hev gøymt.» 53Då Jesus hadde sagt deim alle desse likningarne, for han burt att. 54So kom han til fødesheimen sin og lærde deim i synagoga deira, so dei vart reint upp i under og sagde: «Kvar hev han fenge slik visdom frå og slike underfulle krafter? 55Er ’kje dette timbremanns-sonen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas? 56Og systerne hans, bur dei ’kje alle her i grendi? Kvar hev so han fenge alt det frå?» 57Og dei støyttest ved honom. Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og i si eigi ætt.» 58Og han gjorde ikkje mange under der, for di dei var so vantrune.