1Det segjer eg dykk for sant,» sagde han: «Sume av deim som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med velde.» 2Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes med seg upp på eit høgt fjell; der var dei åleine for seg sjølve. Då vart han forklåra for augo deira, 3og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i verdi kunde ha gjort deim so kvite. 4Og Elia synte seg for deim saman med Moses; dei stod og tala med Jesus. 5Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hytter, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» 6Han visste ikkje kva han skulde segja; for dei var fulle av otte. 7So kom det ei sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på honom!» 8Men best dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå deim. 9Då dei gjekk ned av fjellet, sagde han med deim at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskjesonen var staden upp frå dei daude. 10Det ordet merka dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: «standa upp frå dei daude». 11So spurde dei honom: «Segjer ikkje dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?» 12Ja, fyrst kjem Elia og set alt i rett lag att, svara han; «og kva er det som stend skrive um Menneskjesonen? At han skal lida mykje og agtast for inkje! 13Men eg segjer dykk at Elia og er komen, og dei gjorde med honom slikt dei vilde, som skrive er um honom.» 14Då dei kom til læresveinarne, såg dei ein stor folkehop kringum deim, og nokre skriftlærde som var i ordkast med deim. 15Og med same folkemengdi fekk sjå honom, vart dei reint forstøkte, og sprang imot honom og helsa. 16«Kva er det de dregst med deim um?» spurde han. 17Då svara ein av folket: «Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg; 18når ho tek honom, riv ho og slit i honom, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ’kje god til.» 19Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!» 20So leidde dei guten burt til honom, og med same han såg Jesus, reiv åndi i honom, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud. 21«Kor lenge hev han havt det so?» spurde Jesus. «Frå han var eit lite barn,» svara faren; 22«og ofte hev åndi kasta honom både i elden og i vatnet, og vilja gjort ende på honom. Men er det mogelegt for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss!» 23«Um det er mogelegt for meg -?» svara Jesus. «Alt er mogelegt for den som trur!» 24Og straks ropa far åt barnet: «Eg trur! Hjelp mi vantru!» 25Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine åndi og sagde: «Du mållause og dauve ånd, far utor honom, segjer eg, og far aldri i honom meir!» 26Då hua ho og reiv hardt i guten og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sagde: «Han hev slokna!» 27Men Jesus tok honom i handi og vekte honom; då reiste han seg upp. 28Då Jesus var komen i hus, og læresveinarne var åleine med honom, spurde dei: «Kvi kunde ikkje me driva ut åndi?» 29Han svara: «Dette slaget kann ikkje drivast ut på anna vis enn med bøn og fasta.» 30So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilæa. Men han vilde ikkje nokon skulde vita det; 31for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att. 32Men dei skyna ’kje det ordet, og torde ikkje spyrja honom. 33So kom dei til Kapernaum, og då han var heime att, spurde han deim: «Kva var det de tala um på vegen?» 34Dei tagde; for på vegen hadde dei tala med einannan um kven som var størst. 35Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sagde med deim: «Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!» 36So tok han eit lite barn og sette midt imillom deim og tok det i fang og sagde til deim: 37«Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.» 38Johannes sagde til honom: «Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje var i fylgje med oss.» 39«De skal ikkje forbjoda honom det,» sagde Jesus, «for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg; 40den som ikkje er imot oss, held med oss. 41For den som gjev dykk ei skål med vatn for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst. 42Men den som legg ei snara for ein av desse små som trur, for honom var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han var kasta i havet. 43Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe henderne dine og kjem i helvite, i den usløkkjande elden, 44der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar. 45Og dersom foten din freistar deg, so hogg honom av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føterne dine og vert kasta i helvite, 46der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar. 47Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvite, 48der ormen deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 49For kvart menneskje skal saltast med eld, liksom kvart offer vert salta med salt. 50Salt er ein godt; men vert saltet saltlaust, kva vil de då salta det med? Hav salt i dykk sjølve, og haldt fred med kvarandre!»