1Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime. 2Då samla der seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala Guds ord til deim. 3Best det var, kom fire mann berande med ein som var lam, 4og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i. 5Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!» 6No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg: 7«Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?» 8Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta? 9Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?» 10Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: 11«Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!» 12Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!» 13So gjekk han ut til sjøen att. Då kom alt folket til honom, og han lærde deim. 14Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi Alfæusson - han sat på tollbudi - og Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde honom. 15So hende det at Jesus var til bords i huset hans, og mange tollmenner og syndarar sat saman med honom og læresveinarne hans; for dei var mange, og dei fylgde honom. 16Og då dei skriftlærde millom farisæarane såg at han åt i lag med syndarar og tollmenner, sagde dei til læresveinarne hans: «Et han i lag med tollmenner og syndarar?» 17Jesus høyrde det og sagde til deim: «Det er ’kje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» 18Både læresveinarne åt Johannes og læresveinarne åt farisæarane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: «Korleis hev det seg at læresveinarne åt Johannes og åt farisæarane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?» 19«Kann brudlaupsfolket fasta med brudgomen er hjå deim?» svara Jesus; «so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei då ikkje fasta. 20Men skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då, når den dagen kjem, skal dei fasta. 21Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større. 22Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskorne og vinen øydest, og flaskorne med: Nei - ny vin på nye lerflaskor!» 23Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrarne på kviledagen, og læresveinarne tok til å riva av aks, med dei gjekk etter vegen. 24Då sagde farisæarane med honom: «Sjå kva dei gjer på kviledagen! det som ingen hev lov til!» 25Han svara: «Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var med honom? 26korleis han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestarne hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?» 27So sagde han til deim: «Kviledagen vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for kviledagen skuld. 28Difor råder Menneskjesonen yver kviledagen og.»