1Og no kjem dette bodet til dykk prestar: 2Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk på hjarta å gjeva mitt namn æra, segjer Herren, allhers drott, so sender eg forbanningi yver dykk, og eg forbannar velsigningarne dykkar; ja, eg hev alt forbanna deim, av di de ikkje legg det på hjarta. 3Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andlitet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer, og dei skal bera dykk burti møki. 4Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers drott. 5Mi pakt med honom var liv og fred. Eg gav honom deim til otte, og han ottast meg og skalv for mitt namn. 6Sannings læra var i hans munn, og det fanst ikkje svik på lipporne hans; fredsamt og ærleg gjekk han på min veg, og han vende mange burt ifrå misgjerd. 7For prestelippor skal gøyma på kunnskap, upplæring ventar me av munnen hans, for han er sendebod frå Herren, allhers drott. 8Men de hev vike av frå vegen, læra dykkar hev ført mange til fall; de hev skjemt ut Levi-pakti, segjer Herren, allhers drott. 9Difor hev eg og gjort dykk vanvyrde og nedsedde for alt folket, av di de ikkje agtar på mine vegar, men gjer skil på folk i lovlæra. 10Hev ikkje me ein far alle saman? Hev ikkje ein Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti? 11Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med dotter til ein framand gud. 12Hjå den mannen som gjer slikt - måtte Herren rydja ut kvar livande sjæl or Jakobs hyttor, og den som ber fram offergåva til Herren, allhers drott! 13Og endå ein ting til gjer de: Yver Herrens altar legg de tåror og gråt og sukkar, so han vil venda seg til offergåva meir eller med hugnad tek imot noko av dykkar hand. 14De spør: «Korleis då?» Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdomsviv, henne som du hev svike, endå ho var festarmøyi di og egtemaken din. 15Hev ikkje den eine og same skapt henne, med di han hadde endå meir ånd att? Og kva stila han på, den eine? Guddomleg ætt. Tak då vare på dykkar liv og svik ikkje ditt ungdomsviv! 16Eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers drott. So tak då vare på dykkar liv og far ikkje med svik. 17De trøyttar Herren med dykkar ord. De spør: «Korleis trøytta me?» Jau, de segjer: «Kvar den som gjer vondt, er god i Herrens augo, og han hev hugnad i deim. Kvar er elles Gud som held dom?»