1Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista; 2og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar. 3Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle. 4For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.» 5Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han: 6«Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.» 7«Når skal då dette ganga fyre seg, meister,» spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?» 8Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim! 9Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.» 10So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; 11store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen. 12Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. 13Då skal de koma til å vitna. 14Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk! 15Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot. 16Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden, 17og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast. 19Haldt ut, so skal de vinna sjælerne dykkar! 20Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde. 21Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn. 22For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive. 23Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket. 24Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute. 25Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn. 26Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast. 27Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom. 28Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.» 29So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre! 30So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær. 31Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt. 33Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast. 34Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk! 35For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi. 36Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!» 37Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget. 38Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.