1I dei dagarne let keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi. 2Dette var fyrste gongen dei tok manntal med Kvirinius var landshovding i Syria. 3Då for alle heim, kvar til sin eigen by, og skulde skriva seg i manntalet. 4Josef og for frå Galilæa, frå den byen som heiter Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som dei kallar Betlehem - for han høyrde til Davids hus og ætt - 5og vilde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med honom; ho gjekk då med barn, 6og med dei var der, bar det so til at tidi hennar kom, 7og ho åtte den fyrste sonen sin; ho sveipte honom og lagde honom i ei krubba, for det var ikkje rom åt dei i herbyrget. 8Det var nokre hyrdingar der i bygdi som låg ute og vakta buskapen sin um natti. 9Best det var, stod ein engel frå Herren innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde; 10men engelen sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Eg kjem med bod til dykk um ei stor gleda som skal timast alt folket: 11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren! 12Og det skal de hava til merke: de skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubba.» 13Og brått var det ein stor her av himmelånder med engelen; dei lova Gud og kvad: 14«Æra vere Gud i det høgste, og fred på jordi, og hugnad med menneskje!» 15Då englarne hadde fare burt att og upp til himmelen, sagde hyrdingarne seg imillom: «Lat oss no ganga radt til Betlehem og sjå dette som hev hendt, og som Herren hev vitra oss um!» 16So skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef, og det vesle barnet som låg i krubba. 17Og då dei hadde set det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt deim um dette barnet. 18Alle som høyrde på hyrdingarne, undra seg yver det dei fortalde; 19men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim. 20Og hyrdingarne for heim att, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde høyrt og set, og som høvde so vel med det som var sagt deim. 21Då åtte dagar var lidne, og han skulde umskjerast, kalla dei honom Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt, fyrr han var komen i morsliv. 22So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren 23- soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» - 24og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.» 25I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom, 26og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias. 27No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi, 28tok han det og på armarne, og lova Gud og sagde: 29«Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred! 30For no fekk auga mitt skoda di frelsa, 31som du hev skipa til for åsyni åt alle folk, 32eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.» 33Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um honom. 34Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn; 35men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.» 36Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år, 37og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag. 38I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem. 39Då dei hadde gjort alt som er fyreskrive i Herrens lov, for dei attende til heimstaden sin, Nasaret i Galilæa. 40Og barnet voks, og vart sterkt og fullt av visdom, og Guds nåde var yver honom. 41År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi. 42Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi; 43men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje. 44Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar. 45Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der; 46og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim, 47og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav. 48Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!» 49«Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?» 50Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet. 51So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt. 52Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneskje.