1Då sagde han deim ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna. 2«I ein by,» sagde han, «var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneskje. 3I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sagde: «Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!» 4Lenge vilde han ikkje, men då det leid på, sagde han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneskje, 5so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plågar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni!» 6Høyr kva den urettferdige domaren segjer,» sagde Herren; 7«skulde so ’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim? 8Eg segjer dykk: Han skal hjelpa deim til retten sin, og det fort. Men når Menneskjesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?» 9Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sagde han denne likningi: 10«Det var ein gong tvo menner som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisæar, og den andre ein tollmann. 11Farisæaren stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: «Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der! 12Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.» 13Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sagde: Å Gud, ver meg syndaren nådig! 14Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.» 15Dei bar og småborni sine til honom, so han skulde røra ved deim. Då læresveinarne såg det, truga dei deim; 16men Jesus kalla deim til seg og sagde: «Lat småborni koma til meg, og hindra deim ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.» 18Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?» 19«Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud! 20Du kjenner bodi: «Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!»» 21«Alt det hev eg halde frå eg var ung,» svara han. 22Då Jesus høyrde det sagde han: «Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!» 23Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik. 24Jesus såg det på honom og sagde: «Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike! 25Ja, ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.» 26«Kven kann då verta frelst?» sagde dei som høyrde på det. 27Han svara: «Det som er umogelegt for menneskje, er mogelegt for Gud.» 28«Enn me som hev skilt oss med alt som var vårt og fylgt deg!» sagde Peter. 29Då sagde han til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld, 30utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.» 31So kalla han dei tolv innåt seg og sagde til deim: «No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetarne hev skrive um Menneskjesonen, skal ganga fram: 32Han gjevast yver til heidningarne og spottast, og farast ille med og sputtast på, 33og dei skal hudfletta honom og slå honom i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.» 34Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for deim kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sagde. 35Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg. 36Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids. 37Dei fortalde honom at Jesus frå Nasaret for framum. 38Då ropa han: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!» 39Dei som gjekk fyre, skjente på honom og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!» 40Då stana Jesus og sagde at dei skulde leida den blinde hit til honom, og då han kom innåt, spurde han: 41«Kva vil du eg skal gjera for deg?» - «Herre, lat meg få att syni mi!» svara han. 42«No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg,» sagde Jesus. 43Og straks fekk han att syni si og fylgde honom alt med han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.