1Sidan sagde han til læresveinarne sine: «Det er uråd anna enn det lyt koma freistingar, men ve yver den som dei kjem ifrå! 2Han var betre faren det låg ein kvernstein um halsen hans og han var kasta i havet, enn at han skulde freista ein av desse små. 3Tak dykk i vare! Syndar bror din, so tala til honom, og angrar han, so tilgjev honom! 4Um han syndar mot deg sju gonger um dagen, og sju gonger kjem attende til deg og segjer: «Eg angrar!» so skal du tilgjeva honom.» 5Apostlarne sagde til Herren: «Gjev oss meir tru!» 6«Hev de tru som eit senapskorn,» svara Herren, «so kunde de segja til dette morbærtreet: «Rykk deg upp og røt deg i havet!» og det skulde lyda dykk. 7Um nokon av dykk hev ein dreng som pløgjer eller gjæter, segjer han då til honom når han kjem heim frå marki: «Kom straks og set deg til bords?» 8Segjer han ’kje heller: «Stell til kveldsmaten åt meg, bind livgjordi um deg, og gakk meg til handa med eg et og drikk! Sidan kann du eta og drikka?» 9Takkar han vel drengen for di han gjorde som han var fyresagd? Eg trur ikkje det. 10Soleis de og; når de hev gjort alt som var sagt dykk, so seg: «Me er uturvande tenarar! Me hev ’kje gjort anna enn det som var skyldnaden vår.»» 11Med han var på vegen til Jerusalem og for midt imillom Samaria og Galilæa, 12bar det so til at han gjekk inn i ein liten by, og der kom det imot han ti menner som hadde spillsykja; dei vart standande eit langt stykke undan, 13og ropa høgt: «Jesus, meister, gjer sælebot på oss!» 14Då Jesus vart var deim, sagde han til deim: «Gakk og te dykk fram for prestarne!» Og med dei var på vegen, hende det at dei vart reine. 15Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst, 16og kasta seg å gruve framfor føterne hans og takka honom; det var ein samaritan. 17Då tok Jesus til ords og sagde: «Vart dei ’kje reine alle ti? Kvar er då dei ni? 18Var det ingen utan denne framande som kom attende og vilde gjeva Gud æra?» 19So sagde han til mannen: «Statt upp og gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.» 20Farisæarane spurde honom ein gong når Guds rike skulde koma. Då svara han deim so: «Guds rike kjem ikkje so at ein kann sjå det for augo. 21Ein kann ikkje heller segja: «Sjå her er det!» eller: «Der er det!» For Guds rike, det er inni dykk.» 22Sidan sagde han til læresveinarne: «Det kjem ei tid då de skal stunda etter å sjå ein av dei dagarne då Menneskjesonen råder, men de skal ikkje få sjå det. 23Dei kjem til å segja til dykk: «Sjå der er han! Sjå her!» Gakk ikkje der burt, og fylg ikkje etter deim! 24For liksom ljonet, når det kjem, skin frå himmelbrun til himmelbrun, soleis skal det vera med Menneskjesonen den dagen han kjem. 25Men fyrst lyt han lida mykje, og denne ætti skal skjota honom ifrå seg. 26Og som det var i Noahs dagar, so skal det og vera den tidi då Menneskjesonen kjem: 27dei åt, dei drakk, dei gifte seg, dei vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki; då kom storflodi og tynte alle i hop. 28Eller som det var i Lots dagar: dei åt, dei drakk, dei kjøpte, dei selde, dei planta, dei bygde; 29men den dagen då Lot tok ut frå Sodoma, regnde det eld og svåvel frå himmelen og tynte deim alle. 30På same vis skal det vera den dagen Menneskjesonen syner seg. 31Er nokon den dagen uppå taket og hev sine ting nedi huset, so må han ikkje ganga ned og henta deim; og er nokon utpå marki, so må han ikkje venda um. 32Kom i hug kona hans Lot! 33Den som freister å berga livet sitt, skal missa det, og den som misser det, skal vinna det att. 34Eg segjer dykk: Den natti skal det liggja tvo i ei seng; den eine skal hentast, og hin setjast att. 35Tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att. 36Tvo skal vera utpå marki; den eine skal hentast, og hin setjast att.» 37Då tok læresveinarne til ords og sagde: «Kvar, Herre?» Han svara: «Der liket er, der vil ørnane sankast innåt.»