1Han sagde og til læresveinarne: «Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til honom og klaga på hushaldaren, og sagde at han øydde burt midelen hans. 2Då kalla han hushaldaren fyre seg og sagde til honom: «Kva er det no eg høyrer um deg? Gjer rekneskap for styringi di, for du kann ikkje standa fyre huset mitt lenger!» 3Hushaldaren tenkte med seg: «Kva skal eg gjera, sidan herren min segjer meg ut or tenesta? Eg orkar ikkje å grava, eg skjemmest ved å tigga. 4Jau, no veit eg kva eg vil gjera, so dei skal taka meg til seg når eg vert avsett!» 5So kalla han skuldmennerne åt herren sin til seg, ein for ein, og sagde til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» 6«Hundrad anker olje,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt,» sagde hushaldaren; «set deg ned og skriv snøgt: femti!» 7So spurde han ein annan: «Enn du, kor mykje er du skuldig?» - «Hundrad tunnor kveite,» svara han. «Her hev du skuldbrevet ditt; skriv: åtteti!» sagde hushaldaren. 8Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er. 9Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt! 10Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort. 11Hev de no ikkje vore true med den urettferdige Mammon, kven vil då tru den rette rikdomen åt dykk? 12Og hev de ikkje vore true med det som høyrer andre til, kven vil då gjeva dykk noko de sjølve kann eiga? 13Ingen tenar kann tena tvo herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvyrda hin. De kann ikkje tena både Gud og Mammon.» 14Alt dette høyrde farisæarane på, og pengekjære som dei var, frynte dei åt honom. 15Då sagde han til deim: «De er dei som fær folk til å tru at de er rettferdige; men Gud kjenner hjarta dykkar; for det som er høgt i folkeaugo, er ein styggedom for Gud. 16Lovi og profetarne rådde alt til Johannes kom; frå den tid hev fagnadbodet um Guds rike vore kunngjort, og kvar og ein bryt seg inn i det med magt. 17Men det vil lettare henda at himmelen og jordi forgjengst enn at ein einaste prikk i lovi fell burt. 18Kvar den som skil seg frå kona si og giftar seg med ei onnor, gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild, gjer hor. 19Det var ein gong ein rik mann; han klædde seg i purpur og fint lin, og heldt gaman og fest dag etter dag. 20Og ein fatig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår, 21og stunda etter å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen; men jamvel hundarne kom og sleikte såri hans. 22So hende det at den fatige døydde, og englarne bar honom av stad og lagde honom ved Abrahams barm. Den rike døydde og, og vart gravlagd. 23Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans. 24Då ropa han: «Fader Abraham, gjer sælebot på meg! Send Lasarus so han kann duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid fælt i den logen.» 25«Kom i hug, min son,» svara Abraham, «at du fekk det gode du ynskte deg i di livetid, og Lasarus like eins det som vondt var. Men no vert han trøysta her, og du lid vondt. 26Og attåt alt det er det lagt ein stor avgrunn millom oss og dykk, so dei som vil fara herifrå yver til dykk, dei kann ikkje; ikkje heller kann nokon koma derifrå yver til oss.» 27«So bed eg deg, fader,» sagde den rike, «at du vil senda han til farshuset mitt! 28Eg hev fem brør, lat honom vitna for deim, so ikkje dei og skal koma til denne pinslestaden!» 29«Dei hev Moses og profetarne,» svara Abraham; «dei kann høyra på deim.» 30«Å nei, fader Abraham!» sagde han; «men kjem nokon til deim frå dei daude, so gjer dei bot.» 31Då sagde Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetarne, so trur dei ikkje heller um nokon stend upp frå dei daude.»»