1Sidan tok Herren ut endå sytti læresveinar og sende deim fyre seg, tvo og tvo til kvar by og bygd som han sjølv skulde til. 2Og han sagde til deim: «Grøda er stor, men onnefolki er få. Bed då honom som eig grøda at han vil senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si! 3Far no i veg! Eg sender dykk liksom lamb inn i ulveflokken! 4Ber ikkje med dykk pung eller skreppa eller skor, og gjev dykk ikkje i svall med nokon på vegen! 5Kvar gong de kjem inn i eit hus, so seg fyrst: «Fred vere med dette huset!» 6Og dersom det er nokon der som er verd fred, so skal freden dykkar bia hjå honom: dersom ikkje, so skal han venda att til dykk sjølve. 7Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er verd løni si. Flytt ikkje frå hus til hus! 8Kvar gong de kjem til ein by, og dei tek imot dykk, so et det dei set fram! 9Læk dei sjuke der er, og seg til deim: «Guds rike er kome nær dykk!» 10Men når de kjem til ein by der dei ikkje vil taka imot dykk, so gakk ut på gatorne og seg: 11«Jamvel dusti som vart hangande ved føterne våre i byen dykkar, stryk me av oss; her hev de henne att! Men det skal de vita, at Guds rike er kome nær!» 12Eg segjer dykk: På den siste dag skal det ganga Sodoma likare enn den byen. 13Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som er gjorde i dykk vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe vendt um og sete i sekk og oska. 14Men det skal ganga Tyrus og Sidon likare i domen enn dykk. 15Og du, Kapernaum - skal du kann henda lyftast upp til himmelen? nei, til helheimen skal du støytast ned. 16Den som høyrer på dykk, høyrer på meg, og den som vandar dykk, vandar meg; men den som vandar meg, vandar den som sende meg.» 17Dei sytti kom glade attende og sagde: «Herre, jamvel dei vonde ånderne lyder oss når me nemner ditt namn.» 18Då sagde han til deim: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit ljon. 19Kom i hug: Eg hev gjeve dykk magt til å trøda på ormar og skorpionar og yver alt fiendens velde; og ingen ting skal gjera dykk den minste skade. 20Men gled dykk ikkje yver det at ånderne lyder dykk, gled dykk heller for di namni dykkar er uppskrivne i himmelen!» 21I same stundi sagde han, sæl i den Heilage Ande: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmel og jord, for di du hev dult dette for dei lærde og kloke, og openberra det åt dei ulærde og barnslege! Ja, Fader; for soleis tykte du det best. 22Alt hev far min gjeve i mine hender; og ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og kven Faderen er, utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det åt.» 23So vende han seg til læresveinarne sine i ser og sagde: «Sæle dei augo som ser det de ser! 24For eg segjer dykk at mange profetar og kongar var huga til å sjå det de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det de høyrer, og fekk ikkje høyra det.» 25Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sagde: «Meister, kva skal eg gjera for å vinna eit æveleg liv?» 26«Kva stend det i lovi?» sagde Jesus; «korleis les du?» 27«Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og med all din hug og med all di magt og med alt ditt vit, og elska grannen din som deg sjølv!» svara han. 28Då sagde Jesus til honom: «Du svara rett. Gjer det, so skal du liva!» 29Men han vilde orsaka seg og sagde til Jesus: «Kven er då grannen min?» 30Jesus tok upp spursmålet og sagde: «Det var ein mann som for frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i henderne på røvarar. Dei klædde honom naken og skamslo honom; so gjekk dei sin veg og let honom liggja der halvdaud. 31Det høvde so til at ein prest for same vegen; han såg mannen, men for radt framum. 32Like eins ein levit; han kom til same staden og såg honom, men for radt framum. 33Ein samaritan som var ute og ferdast, kom og dit han låg, og såg honom og tykte synd um honom. 34Han gjekk burt til honom og fetla såri hans, og helte olje og vin på, lyfte honom so upp på sitt eige asen og førde honom til eit herbyrge, og sytte vel for honom. 35Andre morgonen tok han fram tvo mark og gav til gjestgjevaren og sagde: «Syt vel for honom, og det meir du legg ut, skal du få att av meg når eg kjem attende.» 36Kven av desse tri tykkjer no du for åt som ein granne mot honom som fall i henderne på røvarane!» 37«Den som gjorde sælebot på honom,» svara den lovkunnige. Då sagde Jesus til honom: «Gakk du av og gjer like eins!» 38Med dei var på ferdavegen, kom han til ein liten by; der var det ei kvinna som tok imot honom i huset sitt; namnet hennar var Marta. 39Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg nedmed Herrens føter og lydde på ordi hans. 40Marta hadde det so annsamt med å stella til mykje for honom, at ho ikkje hadde tankar for anna. Ho gjekk fram og sagde: «Herre, bryr du deg ikkje um at syster mi let meg vera åleine um å stella for deg? Seg då med henne at ho skal hjelpa meg!» 41Då svara Herren: «Marta, Marta, du gjer deg hugsott og uro med mange ting; 42men det er eitt som trengst! Maria hev valt seg den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.»