1Då den åttande dagen var komen, kalla Moses til seg Aron og sønerne hans og dei øvste i Israel, 2og han sagde med Aron: «Tak ein uksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, lytelause båe tvo, og leid deim fram for Herrens åsyn! 3Og til Israels-folket skal du segja: «Tak ein geitebukk til syndoffer, og ein kalv og eit lamb, årsgamle og lytelause båe tvo, til brennoffer, 4og ein ukse og ein ver til takkoffer - dei skal slagtast for Herrens åsyn - og so eit grjonoffer som er tillaga med olje! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»» 5So henta dei det som Moses hadde sagt, og sette det framanfor møtetjeldet, og heile lyden gjekk innåt, og stod for Herrens åsyn. 6Og Moses sagde: «Soleis hev Herren sagt de skal gjera, so skal herlegdomen åt Herren syna seg for dykk.» 7So sagde han til Aron: «Kom hit åt altaret, og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg og for folket, og ber so fram offergåva frå folket og gjer soning for deim, soleis som Herren hev sagt!» 8So steig Aron fram åt altaret, og slagta uksekalven som skulde vera syndoffer for honom sjølv. 9Sønerne hans gav honom blodet, og han duppa fingeren i blodet, og strauk det på altaret, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten. 10Feittet og nyro og den store livreflaga av syndofferdyret brende han på altaret, so røyken steig upp mot himmelen, soleis som Herren hadde sagt med Moses; 11men kjøtet og hudi brende han i elden utanfor lægret. 12So slagta han brennofferdyret. Sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. 13Sidan rette dei sjølve brennofferet til honom, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. 14Innvolen og føterne tvo han i vatn, og so brende han det og på altaret i hop med hitt. 15So bar han fram offergåvorne frå folket. Fyrst tok han bukken som skulde vera syndoffer for folket, og slagta honom, og bar honom fram til syndoffer, liksom det fyrste offerdyret. 16Sameleis førde han fram brennofferet, og stelte det til på rette gjerdi. 17Sidan bar han fram grjonofferet; av det tok han ein neve og brende på altaret umfram morgon-brennofferet. 18So slagta han uksen og veren, takkofferet frå folket; sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. 19Og feittet av uksen, og spælen og netja og nyro og den store livreflaga av veren, 20alt feittet, lagde dei uppå bringestykki. Og Aron brende feittet på altaret, so røyken steig upp mot himmelen; 21men bringestykki og det høgre låret svinga han att og fram for Herrens åsyn, som Moses hadde sagt til honom. 22Og Aron lyfte henderne yver folket og velsigna deim, og so steig han ned, etter han hadde bore fram syndofferet og brennofferet og takkofferet. 23Sidan gjekk Moses og Aron inn i møtetjeldet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte herlegdomen åt Herren seg for heile folket, 24og det for eld ut frå Herren åsyn og brende upp det som var på altaret, både brennofferet og feittet, og då folket såg det, ropa dei alle høgt av gleda, og kasta seg ned, med andlitet mot jordi.