1De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud. 2Helgarne mine skal de halda, og hava age for heilagdomen min. Kom i hug: eg er Herren! 3Lyder de no mine lover og agtar på ordi eg tala, og gjer de som eg hev sagt dykk, 4so skal eg senda dykk regnet i rette tid, når det treng det, og jordi skal gjeva si grøda, og hagetrei si alda. 5Treskjartidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni vara til vinteren, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og liva trygge i landet. 6Fred vil eg gjeva i landet: de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri, deim vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ’kje herja i riket; 7uvenerne skal de elta, og dei skal stupa framfor dykk: 8fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendarne falla for sverdet. 9Med milda vil eg dykk møta, og lata dykk aukast og veksa og signa sambandet med dykk. 10Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan, so de fær rom åt det nye. 11Eg vil bu og byggja ibland dykk, og aldri leidast utav dykk. 12Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk. 13Eg er dykkar Gud, eg, Herren, som henta dykk ut or Egyptarlandet, der som de træla for andre; eg braut sund stengern’ i oket, so de kunde ganga rake. 14Men vil de ’kje høyra på meg, og gjer de ’kje alt det eg baud dykk, 15mismæter de mine rettar og leidest loverne mine, so de ikkje gjer som eg sagde, og bryt de sambandet med meg, 16so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar. 17Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk. 18Og vil de endå ’kje lyda, so skal eg refsa dykk meir, sju gonger, for synderne dykkar. 19Eg bryt dykkar ovmod og magt: eg gjer dykkar himmel som jarn, og jordi dykkar som kopar. 20Då øyder de nyttelaust krafti; for jordi gjev ingi grøda, og trei gjev ingi alda. 21Og gjer de meg endå imot, og vil de ’kje høyra på meg, so slær eg dykk endå sju gonger, som synderne dykkar er verde. 22Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude. 23Og let de dykk endå ’kje tukta, men driv på og gjer meg imot, 24so gjer eg og dykk imot, og slær dykk endå sju gonger for alt det som de hev synda; 25eg sender eit sverd yver dykk, som skal hemna pakti de braut; og samlar de dykk i byarn’, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand. 26Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal ’kje få eta dykk mette. 27Og høyrer de endå ’kje på meg, og herder de på og trassar, 28so fer eg imot dykk med vreide, og refsar dykk endå sju gonger for alle syndern’ de gjorde. 29Då skal de nøydast til eta kjøtet av sønerne dykkar og kjøtet av dykkar døtter. 30Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot. 31Eg vil leggja byarn’ i røys, og riva templi ned, og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar; 32eg skal gjera landet so audt, at fiendarne som bur der skal fæla. 33Og dykk skal eg spreida bland folki; med drege sverd skal eg elta dykk, og landet dykkar skal verta ei audn, og byarne skal verta røysar. 34Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet - ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine; 35alt med det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i kvileåri, so lenge de endå budde der. 36Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik rædsla i hjarta, med dei held til i fiendelandi, at ljoden av eit fjukande lauv skal skræma deim upp og jaga deim av, som når ein rømer for sverdet; dei skal falla, um ingen er etter deim. 37Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælarn’, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot uvenern’ dykkar, 38men ganga til grunns millom heidningarne, og fiendelandet skal tæra dykk upp. 39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei. 40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot, 41so eg og laut stå deim imot, og dreiv deim til fiendelandet - og bøygjer dei så sine hjarto, so harde og stride dei er, og fær dei då kvitta si skuld, 42Og so skal eg minnast mitt samband med Jakob og Isak og Abram, og landet skal eg og minnast. 43Men landet lyt fyrst vera kvitt deim, og njota helgarne sine med det ligg audt etter deim; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda mi lov, og bodet mitt baud deim imot. 44Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda deim reint eller skjota deim heiltupp ifrå meg: eg vil ikkje rydja deim ut og brjota sambandet med deim; for eg, Herren, er deira Gud. 45Eg vil minnast mi pakt med dei gamle, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki, og var deira Gud, eg, Herren!»» 46Dette er dei bodi og rettarne og loverne som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinaifjellet og let Moses kunngjera for deim.