1Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 2«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «No skal eg nemna dykk Herrens høgtider, dei dagarne som de skal kalla folket i hop til eit heilagt møte og halda høgtid for meg! 3Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge; men den sjuande dagen skal vera heil kviledag, med heilagt møte. Då må de ikkje gjera noko arbeid; i alle heimarne dykkar skal det vera ein kviledag, vigd åt Herren. 4Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse: 5Den fjortande dagen i den fyrste månaden, soleglads bil, tek Herrens påskehelg til. 6Og den femtande dagen i den same månaden skal de halda søtebrødhelgi for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød; 7den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid, 8og alle dei sju dagarne skal de bera fram offermat åt Herren; den sjuande dagen skal de og halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då heller.»» 9Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 10«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn kornet der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda, 11og han skal svinga det att og fram for Herrens åsyn, so Herren kann hava hugnad av dykk; dagen etter helgi skal presten svinga kornbandet. 12Og same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt lamb som er lytelaust, til brennoffer åt Herren. 13Grjonofferet som fylgjer med, skal vera tvo kannor fint mjøl, blanda med olje - då er det ein offerrett åt Herren, som gjev god ange - og drykkofferet ei halv kanne vin. 14Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyre den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 15Frå den fyrste dagen etter helgi, frå den dagen de bar fram kornbandet som skulde svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor: 16femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande vika, og då skal de bera fram eit nytt grjonoffer for Herren. 17Tvo vigslingsbrød skal de koma med frå heimarne dykkar; i deim skal det vera tvo kannor fint mjøl, og dei skal vera syrte; det skal vera nygrødeoffer åt Herren. 18Og attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lytelause lamb og ein ung ukse og tvo verar til brennoffer åt Herren, og det grjonofferet og dei drykkofferi som fylgjer med: det er ein offerrett for Herren, som det angar godt av. 19Til syndoffer skal de ofra ein geitebukk, og til takkoffer tvo årsgamle lamb; 20deim skal presten svinga att og fram for Herrens åsyn saman med nygrødebrødet; dei skal vigjast åt Herren, og høyra presten til. 21Og same dagen skal de kalla folket i hop, og halda eit heilagt møte; de må ikkje gjera noko utearbeid den dagen. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 22Og når de haustar kornet av åkrane dykkar, skal du ikkje skjera kornet for vel utåt reini, og dei aksi som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka upp; du skal etla deim att åt dei fatige og framande. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»» 23Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 24«Tala til Israels-folket og seg: «Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda helg; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte. 25Den dagen må de ikkje gjera noko utearbeid, og de skal bera fram offermat for Herren.»» 26Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 27«So den tiande dagen i den same sjuande månaden er det soningsdag. Det skal vera ein heilag møtedag for dykk, og de skal fasta og bera fram offermat for Herren. 28Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid; for det er soningsdag; då skal dei gjera soning for dykk framfor åsyni åt Herren, dykkar Gud. 29Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or ætti si. 30Og den som gjer noko arbeid, honom vil eg tyna midt ibland folket hans. 31Ikkje det minste grand må de gjera den dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim. 32Ein kvile- og helgedag skal det vera for dykk, og de skal fasta; frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda heilagt.» 33Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde: 34«Tala til Israels-folket og seg: «Frå den femtande dagen i den same sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar. 35Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera. 36Sju dagar skal de bera fram offermat for Herren; og den åttande dagen skal de halda eit heilagt møte, og bera fram offermat for Herren. Då er det stor samlingshøgtid, og de må ikkje gjera noko utearbeid. 37Dette er dei høgtiderne då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram offer for Herren: brennoffer og grjonoffer, slagtoffer og drykkoffer, kvart til si tid, 38umfram Herrens kviledagsoffer, og umfram gåvorne dykkar og alle dei offeri de hev lova, eller kjem til Herren med av dykk sjølve. 39Men frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar grøda i hus, skal de høgtida Herrens pilegrimshelg i sju dagar. Den fyrste dagen skal det halda heilag, og den åttande dagen skal det halda heilag. 40Og den fyrste dagen skal de taka fagre frukter og palmegreiner og lauvrike buskor og seljekvister, og gleda dykk for Guds åsyn i sju dagar. 41Soleis skal de kvart år halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda den helgi. 42Då skal de bu i lauvhyttor i sju dagar; alle som er fødde og borne i Israel, skal bu i lauvhyttor, 43so etterkomarane dykkar skal minnast at eg let Israels-sønerne bu i lauvhyttor då eg fylgde deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, deira Gud.»» 44Og Moses kunngjorde Herrens høgtider for Israels-folket.