1Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 2«Seg til Israels-folket: «Hender det at nokon av Israels-mennerne, eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet: landslyden skal steina honom i hel. 3Og eg vil kvessa augo mot den mannen, og rydja honom ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og sulka heilagdomen min og vanhelga mitt heilage namn: 4um landslyden let att augo og ikkje læst sjå at han gjev barnet sitt til Molok, og ikkje drep honom, 5so vil eg kvessa augo mot honom og mot ætti hans, og rydja honom ut or folket hans, både honom og alle deim som fylgjer i fotfaret hans, og held seg med Molok. 6Gjeng nokon til deim som manar fram draugar og spåvette, og held seg med deim, so vil eg kvessa augo mot honom og rydja honom ut or folket hans. 7De skal helga dykk og vera heilage; for eg, Herren, er dykkar Gud. 8Agta vel på loverne mine, og liv etter deim! Kom i hug: eg er Herren, som helgar dykk! 9Den som bannar far sin og mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor: blodet hans kjem på honom sjølv. 10Den som held seg med ei gift kona, med kona åt grannen sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med. 11Ligg nokon med stykmor si, so skjemmer han æra åt far sin; dei skal båe lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve. 12Ligg nokon hjå sonekona si, so skal dei båe lata livet. Dei hev gjort eit skjemdarverk, og blodet deira kjem på deim sjølve. 13Ligg nokon hjå ein kar, som ein ligg hjå eit kvende, so gjer dei båe ei stygg gjerning; dei skal lata livet; blodet deira kjem på deim sjølve. 14Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det blodskam; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk; 15Blandar nokon seg med eit dyr, so skal han lata livet, og dyret skal de drepa. 16Og held ei kvinna seg innåt eit dyr og parar seg med det, so skal de slå i hel både kvinna og dyret. Dei som gjer slikt, skal lata livet, og blodet deira kjem på deim sjølve. 17Tek nokon syster si, som hev same far eller same mor som han, og søkjer seng med henne, og ho med honom, so er det blodskam, og dei skal rydjast ut for augo åt landslyden. Han hev søkt seng med syster si: han lyt lida for brotet sitt. 18Ligg nokon med ei kvinna medan ho hev månadssjuken sin, og nækjer blygsli hennar, tek han dekkjet av kjelda hennar, og ho nækjer blodkjelda si, so skal dei båe rydjast ut or folket sitt. 19Du skal ikkje søkja seng med morsyster eller farsyster di; den som det gjer, skjemmer si eigi ætt: dei lyt lida for brotet sitt. 20Ligg nokon hjå kona åt farbror sin, so vanærar han farbror sin: dei lyt lida for syndi si, og skal døy barnlause. 21Gifter nokon seg med brorkona si, so er det ei skam; han hev vanæra bror sin: dei skal ikkje få born. 22So lyd då alle bodi og alle loverne mine, og liv etter deim, so landet ikkje skal støyta dykk ut att, det landet som eg fører dykk til og vil lata dykk bu i! 23Far ikkje etter skikkarne åt det folket som eg jagar ut for dykkar skuld! Dei gjorde alt dette; då fekk eg stygg til deim, 24og eg sagde til dykk: De skal få landet deira, eit land som fløymer med mjølk og honning; eg vil gjeva dykk det til eiga, eg, Herren, dykkar Gud, som hev skilt dykk ut frå alle andre folk. 25Difor skal de skilja millom reine og ureine dyr og reine og ureine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve ufysne med å eta dei dyri eller fuglarne eller noko av det kreket som eg hev skilt ut, og sagt de skal halda for ureine. 26De skal vera meg heilage; for eg, Herren, er heilag, og eg hev skilt dykk ut frå alle andre folkeslag, so de skal høyra meg til. 27Er det nokon mann eller noko kvende som fer med å mana fram draugar eller spåvette, so skal dei lata livet: dei skal steinast i hel, og blodet deira kjem på deim sjølve.»»