1Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde: 2«Tala til Israels-borni og seg til deim: «Når ein mann hev sådflod, so er han urein. 3So lenge flodi varer, fylgjer det ureinskap med honom, og det anten likamen gjev væta frå seg jamt eller stundom held henne inne; i båe høve er han urein. 4Kvar lega han ligg på og kvar sess han sit på, vert urein. 5Den som kjem nær lega hans, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 6Og den som set seg på noko han hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 7Like eins den som kjem nær den sjuke sjølv; han lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 8Kjem den sjuke til å sputta på ein som er rein, so lyt den han hev sputta på två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 9Kvar sal og kvart vognsæte som den sjuke sit på, vert ureint. 10Den som kjem nær noko av det han hev under seg, vert urein alt til kvelds, og den som ber det burt, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 11Tek den sjuke burtpå nokon, og ikkje fyrst hev skylt henderne sine i vatn, so lyt den han hev teke burtpå två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 12Kjem den sjuke nær eit leirfat, so skal det slåast sund; men er det eit trefat, so skal det skyljast i vatn. 13Når den sjuke hev kome seg av flodi, skal han telja sju dagar fram frå di han vart god att; då skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i kjelde- eller bekkjevatn, so er han rein. 14Den åttande dagen skal han taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar, og ganga fram i møtetjelddøri for Herrens åsyn, og gjeva deim til presten, 15og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, so han vert rein att etter sjukdomen. 16Når det gjeng såd frå ein mann i svevne, so skal han lauga heile likamen sin i vatn, og han er urein alt til kvelds. 17Og alle klæde eller skinnplagg som sådet hev kome på, lyt tvåast vel, og er ureine alt til kvelds. 18Ligg ein mann hjå eit kvende, og det gjeng såd frå honom, so lyt dei båe lauga seg, og vera ureine alt til kvelds. 19Når eit kvende hev månadstidi si, og det gjeng blod frå henne, so er ho urein i sju dagar, og den som kjem nær henne, er urein alt til kvelds. 20Alt ho ligg eller sit på medan ho hev det soleis, vert ureint. 21Den som kjem nær lega hennar, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 22Og den som kjem nær noko av det ho hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 23Ligg det eitkvart i sengi eller i sessen hennar, og nokon kjem nær det, so er han urein alt til kvelds. 24Og dersom ein mann ligg med henne, og det kjem blod på honom, so vert han og urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint. 25Når det gjeng blod frå eit kvende i mange dagar på ei tid som ho ikkje hev månadssjuken sin, eller når blodet gjeng frå henne lenger enn vanleg i månadstidi, so er ho urein so lenge denne ureine flodi varer, liksom når ho hev månadssjuken. 26Um alt det ho ligg på medan ho hev blodflod, gjeld det same som er sagt um lega hennar det bil ho hev månadssjuken, og alt ho sit på, vert ureint, som når ho hev månadssjuken. 27Den som kjem nær det, vert urein; han lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds. 28Vert ho god att av blodflodi, so skal ho telja sju dagar fram; so er ho rein. 29Og den åttande dagen skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og bera åt møtetjelddøri, til presten, 30og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn, so ho vert rein att etter sjukdomen. 31De skal vara Israels-borni for det som kann gjera deim ureine, so dei ikkje skal sulka bustaden min, som eg hev reist millom deim, og lata livet for ureinska si. 32Dette er lovi um deim som hev flod: um menner som det gjeng såd frå, so dei vert ureine, 33og um kvende som hev månadstidi si, og um folk som er flodsjuke, både menner og kvende, og um menner som ligg med ureine kvende.»»