1Og Herren ropa på Moses, og tala til honom or møtetjeldet og sagde: 2«Tala til Israels-folket og seg til deim: «Når nokon av dykk vil koma til Herren med ei offergåva av buskapen, so kann han taka offeret sitt anten av storfeet eller av småfeet. 3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn, 4og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal gåva hans tekkjast Herren, so han fær nåde. 5So skal han slagta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal bera fram blodet, og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet. 6Og so skal han flå offerdyret og lema det sund; 7og sønerne åt Aron, øvstepresten, skal kveikja upp eld på altaret, og leggja ved på elden. 8Sidan skal Arons-sønerne, prestarne, leggja kjøtet og hovudet og feittet uppå veden som er lagd på altarelden. 9Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt. 10Tek han brennofferet sitt av småfeet, av sauerne eller geiterne, so skal det vera ein lytelaus ver eller bukk. 11Den skal han slagta på nordsida åt altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. 12So skal han luta upp offerdyret, og lata hovudet og feittet fylgja med, og presten skal leggja luterne uppå veden som er lagd på altarelden. 13Innvolen og føterne skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det er eit brennoffer åt Herren, ein offerret som gjev god ange. 14Er det fugl han vil taka til brennoffer åt Herren, so skal offergåva han kjem med, vera ei turtelduva eller ein duveunge. 15Presten skal bera fuglen fram åt altaret, og vrida hovudet av honom, og brenna det på altaret; og blodet skal kreistast ut mot altarveggen. 16So skal han taka ut krelen med goret som er i, og kasta det attmed altaret, på austsida, der oska er, 17og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.