1Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde! 2Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner. 3Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor. 4Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala. 5Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild. 6Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød. 7Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar. 8Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand. 9Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark. 10Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn. 11Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda. 12Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad. 13Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på. 14Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel. 15Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg. 16Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda! 17Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme - 18for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring. 19Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol. 20Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange? 21Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt! 22For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.