1Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris. 2Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos. 3Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen. 4Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein. 5Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda. 6I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude. 7Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor. 8Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn. 9Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig. 10Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne. 11Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde. 12Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil. 13Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine. 14Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen. 15Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka. 16Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska. 17Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt. 18Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.» 19Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og beiska. 20Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg. 21Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona: 22Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all. 23Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap. 24Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom. 25Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom. 26Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa. 27Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom, 28at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på, 29at han luter seg med munnen mot moldi - kann henda det enn er von - 30at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda. 31For Herren støyter ikkje æveleg burt. 32For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde. 33For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni. 34At dei krasar under fot alle fangar i landet, 35at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste, 36at ein gjer urett mot ein mann i hans sak - ser ikkje Herren slikt? 37Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud? 38Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt? 39Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd! 40Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren! 41Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen! 42Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve. 43Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde. 44I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram. 45Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki. 46Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar. 47Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon. 48Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter. 49Mitt auga sirenn, roar seg ikkje, 50fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen. 51Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by. 52Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak. 53Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg. 54Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.» 55Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola. 56Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring. 57Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!» 58Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv. 59Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak! 60Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg. 61Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg, 62det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang. 63Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor. 64Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort. 65Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim. 66Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.