1Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, til deim som er kalla, som er elska i Gud Fader og berga åt Jesus Kristus: 2Miskunn og fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål! 3Kjære vener! Medan eg gjorde meg all umak for å skriva til dykk um vår sams frelsa, såg eg meg nøydd til å skriva til dykk med påminning um å strida for den trui som ein gong er yvergjevi til dei heilage. 4For nokre menneskje hev snikt seg inn, som denne domen er uppskriven for alt for lenge sidan: Ugudlege, som misbrukar vår Guds nåde til ukjurskap og neittar vår einaste husbond og Herre, Jesus Kristus. 5Men sidan de no ein gong veit alt, vil eg minna dykk um at Herren, då han hadde frelst folket ut or Egyptarland, sidan tynte deim som ikkje trudde. 6Og dei englar som ikkje heldt fast ved sitt høge stand, men gjekk ifrå sin eigen heim, deim held han i varetekt i ævelege lekkjor under myrkret til domen på den store dagen; 7liksom Sodoma og Gomorra og byarne der ikring, då dei på same vis som desse dreiv hor og for etter framandt kjøt, ligg der til eit fyredøme, lidande ein æveleg elds refsing. 8Og like vel gjer desse like eins: med di dei gjeng i draumar, gjer dei kjøtet ureint, vanvyrder herredøme og spottar høge magter. 9Men då yverengelen Mikael trætta med djevelen um Mose likam, våga han ikkje å segja ein spottande dom, men sagde: «Herren refse deg!» 10Men desse spottar det dei ikkje kjenner; men det dei av naturi skynar liksom dei vitlause dyr, med det tyner dei seg. 11Usæle dei! for dei hev gjenge Kains veg og kasta seg inn i Bileams villa for vinning skuld og er tynte ved Korahs upprør. 12Desse er skamflekkjer ved dykkar kjærleiks-måltider, når dei utan blygsla sit i gilde med dykk og forar seg sjølve, vatslause skyer, som vert umdrivne av vindar, avlauva, fruktlause tre, tvo gonger utdøydde, upprykte med roti, 13ville havbåror som skumar ut si eigi skam, villfarande stjernor, som kolmyrkret er etla åt i all æva. 14Desse var det og Enok, den sjuande frå Adam, spådde um då han sagde: «Sjå, Herren kjem med sine mange tusund heilage 15for å halda dom yver alle og refsa alle ugudlege for alle deira ugudlege gjerningar som dei gjorde, og for alle dei harde ord som dei tala imot honom, dei ugudlege syndarar!» 16Desse er folk som murrar og klagar yver lagnaden, endå dei fer etter sine lyster, og deira munn talar skrøytande ord, endå dei gjøler for folk for vinning skuld. 17Men de, kjære, kom i hug dei ord som fyrr er tala av vår Herre Jesu Kristi apostlar! 18For dei sagde dykk, at i den siste tidi skal det koma spottarar, som fer etter sine ugudlege lyster. 19Desse er dei som skil seg ut, naturlege menneskje som ikkje hev ånd. 20Men de, kjære, uppbygg dykk sjølve på dykkar høgheilage tru! Bed i den Heilage Ande, 21og haldt dykk soleis i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn til ævelegt liv! 22Og sume skal de tala til rettes av di dei tvilar, 23andre skal de frelsa med di de riv deim ut or elden, andre skal de miskunna med otte, so de hatar jamvel den kjolen som hev vorte urein av kjøtet! 24Men honom som er megtig til å halda dykk uppe so de ikkje snåvar, og føra dykk lytelause fram for sin herlegdom i fagnad, 25den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre, honom høyrer herlegdom til og majestæt og velde og magt fyre all tid og no og i all æva. Amen.