1Då dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne - 2og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel. 3Gibeon-buarne fekk og høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Aj. 4Då fann dei på ei sløg råd: dei tok ut på ei ferd og lest vera sendemenner; det dei førde med seg på asni sine, hadde dei i gamle sekkjer og gamle vinhitar, som var rivna og ihopatt-knytte. 5Dei hadde gamle, lappa skor på føterne, og gjekk med slitne klæde; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra. 6Soleis kom dei til Josva i lægret attmed Gilgal, og sagde til honom og Israels-mennerne: «Me kjem frå eit land som ligg langt burte. Vil de ikkje gjera samband med oss?» 7Men Israels-mennerne sagde til hevitarne: «De bur vel helst her tett innmed oss; korleis kann me då gjera samband med dykk?» 8Då sagde dei til Josva: «Me vil vera tenarane dine.» «Kven er de, og kvar kjem de frå?» spurde han. 9«Me er komne langt, langt burtantil frå eit anna land for det ordet skuld som gjeng um Herren din Gud», svara dei; «for då me høyrde gjete honom og fekk spurt alt det han hadde gjort i Egyptarland, 10og kva han hadde gjort med båe amoritarkongarne på hi sida Jordan, Sihon, kongen i Hesbon, og Og, Basan-kongen, som budde i Astarot, 11då sagde styresmennerne våre og heile landslyden til oss: «Nista dykk ut, og far til møtes med deim, og seg til deim: «Me vil vera tenarane dykkar; vil de ikkje gjera samband med oss?»» 12Her ser de brødet vårt; det var varmt då me tok det med oss heimantil den dagen me for i veg og vilde finna dykk; men sjå no kor turt og smuldra det er! 13Og her ser de vinhitarne; då me fyllte deim, var dei nye; men no er dei sundsprukne! Og her ser de klædi og skorne våre; dei hev vorte utslitne på denne endelause ferdi.» 14Då tok Israels-mennerne og smaka på nista deira, men spurde ikkje Herren til råds. 15Og Josva gjorde fred og samband med deim, og lova deim livet, og hovdingarne yver lyden gjorde eiden på det same. 16Men tri dagar etter dei hadde gjort samband med Gibeon-folket, fekk dei vita at dei åtte heime i grannelaget og budde tett innmed deim. 17For då Israels-sønerne tok ut att, kom dei tridje dagen til byarne deira; det var Gibeon og Ketira og Be’erot og Kirjat-Jearim. 18Men dei gjorde ikkje folket der noko mein, av di hovdingarne hadde svore dei trygd ved Herren, Israels Gud. Då mukka heile lyden mot hovdingarne. 19Men hovdingarne tala til lyden, og sagde: «Me hev svore dette folket trygd ved Herren, Israels Gud, og no kann me ikkje leggja hand på deim. 20Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss. 21Dei lyt få liva,» sagde hovdingarne, «men dei skal vera vedhoggarar og vatsberarar for heile lyden.» Og det vart som hovdingarne sagde. 22Og Josva kalla Gibeon-buarne fyre seg, og sagde til deim: «Kvi narra de oss og sagde at de åtte heime langt burte, og so bur de tett innmed oss! 23No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal få sleppa utor trældomen; de skal allstødt hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.» 24Då svara dei Josva so: «Det vart sagt oss for visst at Herren, din Gud, hadde lova Moses, tenaren sin, å gjeva dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som budde der; då vart me so rædde for livet vårt; difor gjorde me dette. 25Men no er me i dine hender; far åt med oss som du tykkjer det er godt og rett!» 26Då gjorde han det so med deim; Han berga dei for Israels-sønerne, so dei ikkje vart drepne; 27men samstundes sette han dei til å hogga ved og bera vatn for lyden og til altaret på den staden Herren valde seg ut, og det hev dei gjort alt til denne dag.