1Men Israels-sønerne for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne. 2Frå Jeriko sende Josva nokre menner til Aj, som ligg tett innmed Bet-Aven, austanfor Betel, og sagde til deim: «Far upp og njosna i landet!» So for mennerne upp og njosna i Aj. 3Og då dei kom attende til Josva, sagde dei med honom: «Lat ikkje alt folket fara der upp! Send tvo, tri tusund mann, so tek dei Aj! Du treng ikkje umaka heile heren dit; for dei er ikkje mange.» 4So for um lag tri tusund mann av heren der upp; men dei rømde for Aj-mennerne, 5og Aj-mennerne slo i hel um lag seks og tretti av deim, og sette so etter deim frå porten til steinbrotet, og hogg deim ned i bakkarne. Då kolna Israels-sønerne all igjenom, og vart som dei var numne. 6Og Josva reiv sund klædi sine og låg på kne framfor Herrens kista alt til kvelds, både han og styresmennerne i Israel, og dei strådde mold på hovudi sine. 7Og Josva sagde: «Herre, min Gud, kvi førde du dette folket yver Jordan, når du vilde gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skulde tyna oss? Gjev me heller hadde vorte buande på hi sida Jordan! 8Å kjære Herre min, kva skal eg segja no, når Israel hev snutt ryggen til fienden? 9Når kananitarne og alle andre som bur her i landet, fær høyra dette, so kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut or verdi, og kva vil du då gjera med ditt store namn?» 10Då sagde Herren til Josva: «Statt upp! Kvi ligg du her på kne? 11Israel hev synda! Dei hev brote det bodet eg lagde på deim, og teke av det som var vigt, og stole det og dult det burt, og gøymt det millom sine eigne ting. 12No kann dei ikkje Israels-sønerne standa seg mot fienden, men lyt snu ryggen til deim; for dei er sjølve vigde til ulukka. Kvittar de dykk ikkje med det som er vigt, so vil eg ikkje vera med dykk lenger. 13Statt no upp! Lat folket helga seg, og seg til deim: «Helga dykk til morgons! For so segjer Herren, Israels Gud: Det er noko vigt hjå deg, Israel! Du kann ikkje standa deg mot fiendarne fyrr de kvittar dykk med det som er vigt. 14Tidleg i morgon skal de stiga fram, ætt for ætt, og den ætti som Herren tek ut, skal stiga fram grein for grein, og den ættgreini Herren tek ut, skal stiga fram, hus for hus, og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram mann for mann. 15Og den som det vigde vert funne hjå, skal brennast med alt sitt, for di han braut Herrens bod, og gjorde eit skjemdarverk i Israel.»» 16Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og let Israels-folket stiga fram, ætt for ætt; og Juda-ætti vart utteki. 17So let han ættgreinene i Juda stiga fram, og zerahit-greini vart utteki. So let han zerahit-greini stiga fram, mann for mann, og Zabdi vart utteken. 18So let han huslyden hans stiga fram mann for mann, og Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, vart utteken. 19Då sagde Josva til Akan: «Min son, gjev Herren, Israels Gud, æra og pris, og seg meg kva du hev gjort! dyl ingen ting for meg!» 20«Å ja, ja, eg hev synda mot Herren, Israels Gud,» svara Akan; «no skal eg segja kva eg hev gjort: 21Eg såg millom herfanget ei ven babylonsk kåpa og tvo hundrad sekel sylv og ei gullstong på femti lodd; dette fekk eg hug på og tok det; det ligg nedgrave under tjeldbudi mi; sylvet ligg underst.» 22So sende Josva nokre menner av stad; dei sprang burt til tjeldbudi hans, og der fann dei det; det låg nedgrave i tjeldbudi, og sylvet låg underst. 23Dei tok det ut or tjeldbudi og bar det med seg til Josva og Israels-lyden og lagde det ned framfor Herrens åsyn. 24Og Josva og heile Israel tok Akan, zerahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi, og sønerne og døtterne hans, og ukserne og asni og småfeet og tjeldbudi hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen. 25Og Josva sagde til honom: «Kvi førde du slik ulukka yver oss? I dag skal Herren føra ulukka yver deg!» So tok heile Israel og steina honom i hel og brende og steina alt som høyrde honom til. 26Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver honom; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.