1Då alt folket var kome vel yver Jordan, då tala Herren soleis til Josva: 2«Vel dykk ut tolv menner av folket, ein or kvar ætt, 3og seg til deim at dei skal taka upp tolv steinar av deim som ligg her midt i Jordan, på den staden der prestarne stend stille; desse steinarne skal dei bera med seg yver, og leggja deim ned der som de kjem til å lægra dykk i natt.» 4Då kalla Josva til seg dei tolv mennerne som han hadde kåra ut millom Israels-sønerne, ein or kvar ætt, 5og sagde til deim: «Far framfyre sambandskista åt Herren dykkar Gud, til de kjem midt ut i Jordan! Der skal de taka kvar sin stein upp på herdi, etter talet på Israels-ætterne. 6Dei steinarne skal vera til eit minnesmerke hjå dykk. Når borni dykkar ein gong spør: «Kva tyder det at desse steinarne stend her?» 7då skal de svara: «Jordanvatnet kvarv burt framfyre sambandskista åt Herren; då ho for ut i Jordan, vart vatnet burte; og desse steinarne skal for Israels-sønerne vera til eit ævelegt minne um dette.»» 8Israels-sønerne gjorde som Josva sagde, og tok midt uti Jordan tolv steinar, etter talet på Israels-ætterne, soleis som Herren hadde sagt til Josva, og bar deim med seg yver til nattlægret og lagde deim ned der. 9Og midt i Jordan, der dei prestarne som bar sambandskista stod, reiste Josva upp tolv andre steinar; dei hev stade der til denne dag. 10Prestarne som bar sambandskista, vart standande midt i Jordan, til det var gjort alt det som Herren hadde sagt med Josva at han skulde tala til folket um, etter alle dei fyresegnerne som Moses hadde gjeve Josva. Og folket skunda seg yver. 11Då no alt folket var kome vel fram, for Herrens sambandskista og prestarne og yver, og tok att romet sitt framanfor folket. 12Og Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti for fullvæpna fyre dei andre Israels-sønerne, soleis som Moses hadde sagt til deim; 13dei var um lag fyrti tusund herbudde menner som for Herrens åsyn drog fram til strid på Jerikomoarne. 14Den dagen gjorde Herren Josva stor framfor augo åt heile Israel, og sidan bar dei age for honom so lenge han livde, liksom dei hadde bore age for Moses. 15So sagde Herren til Josva: 16«Seg til prestarne som ber lovtavlekista at dei skal stiga upp or Jordan!» 17Og Josva sagde til prestarne: «Stig upp or Jordan!» 18Og med same prestarne som bar Herrens sambandskista, steig upp or Jordan og so vidt hadde sett foten på turre strandi, då kom åi veltande att i faret sitt, og gjekk i bakkefylla som fyrr. 19Det var tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig upp or Jordan. Dei lægra seg attmed Gilgal, lengst aust i Jerikobygdi. 20Og der reiste Josva dei tolv steinarne som dei hadde teke med seg frå Jordan. 21Og han sagde til Israels-sønerne: «Når borni dykkar ein gong spør federne sine: «Kva er dette for steinar?» 22so skal de segja deim det: «Israels-folket gjekk turrskodde yver Jordan her,» skal de segja, 23«av di Herren, dykkar Gud, turka ut åi framfyre dykk, medan de gjekk yver, liksom han turka ut Sevhavet for oss då me for yver det, 24so alle folkeslag på jordi skulde sjå at Herrens hand er sterk, og de alle dagar skulde ottast Herren, dykkar Gud.»»