1Den landsluten som fall på Josefs-sønerne, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel. 2Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz, og gjekk so burtyver til Arkiteigni, til Atarot; 3der tok han vestetter ned til Jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Gezer, og enda utmed havet. 4Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga. 5Landet åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon, 6og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta’anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah, 7og tok frå Janoah ned til Atarot og Na’ara, snart innåt Jeriko, og gjekk ut i Jordan. 8Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken, og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira, 9og attåt det dei byarne som vart utskilde åt Efraims-sønerne i Manassefylket, både byarne og grenderne som låg ikring. 10Men Efraims-sønerne dreiv ikkje ut dei kananitarne som budde i Gezer; Kananitarne vart buande i Efraimsfylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.