1Då kom Herrens ord til Jonas andre gongen; han sagde: 2«Statt upp og gakk til Nineve, den store byen, og ropa ut yver honom dei ordi eg vil tala til deg!» 3Og Jona stod upp og gjekk til Nineve, som Herren hadde sagt. Nineve var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang. 4Og Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa og sagde: «Um fyrti dagar skal Nineve verta lagd i grus.» 5Då trudde ninevitarne på Gud, lyste ut ei fasta og klædde seg i sekk både store og små. 6Då saki kom for kongen i Nineve, reiste han seg frå sin kongsstol, lagde kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska. 7Han let ropa ut i Nineve og segja: «Etter bod frå kongen og hans stormenner må korkje menneskje eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn. 8Men dei skal sveipa seg i sekk, menneski med dyri, og ropa til Gud av all kraft og umvenda seg, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som er i deira hender. 9Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.» 10Då no Gud såg det dei gjorde, at dei vende um frå sin vonde veg, angra han det vonde han hadde sagt han vilde gjera mot deim, og han gjorde det ikkje.