1Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?» 3«Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans,» svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom. 4So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk. 5Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.» 6Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans 7og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han ’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå. 8Då sagde grannarne og dei som jamleg hadde set honom fyrr - for han var ein tiggar: «Er ’kje det han som sat og bad seg?» 9«Jau, det er han,» sagde andre. Endå andre sagde: «Nei, men han er lik honom.» Sjølv sagde han: «Det er eg.» 10«Korleis vart augo dine opna?» sagde dei då. 11Han svara: «Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sagde til meg: «Gakk til Siloa og två deg!» So gjekk eg ’stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi.» 12«Kvar er han, den mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» segjer han. 13Dei fører honom til farisæarane, han som hadde vore blind. 14Det var på ein kviledag Jesus laga gyrma og opna augo hans. 15So spurde dei honom att, farisæarane og, korleis han hadde fenge syni si. «Han lagde ei gyrma på augo mine,» svara han; «so tvo eg meg, og no ser eg.» 16Då sagde nokre av farisæarane: «Den mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held kviledagen.» Andre sagde: «Korleis kann ein syndug mann gjera slike teikn?» Og dei var usams um dette. 17So segjer dei til den blinde att: «Kva segjer du um honom, sidan han hev opna augo dine?» «Han er ein profet,» svara han. 18Då vilde ikkje jødarne tru det um honom at han hadde vore blind og fenge syni si, fyrr dei hadde henta foreldri åt honom som hadde fenge syni si. 19Dei spurde deim: «Er dette son dykkar som de segjer er fødd blind? Korleis hev det seg då at han no ser?» 20«Me veit at dette er vår son, og at han er fødd blind,» svara foreldri hans; 21«men korleis det hev seg at han no ser, det veit me ikkje, og kven som hev opna augo hans, veit me ’kje heller. Spør honom sjølv! Han er gamall nok; han kann sjølv svara for seg.» 22Det sagde foreldri hans av di dei var rædde jødarne; for jødarne var alt samrådde um at den som kanna honom for Messias, skulde støytast ut or synagoga; 23difor var det foreldri hans sagde: «Han er gamall nok; spør honom sjølv!» 24So henta dei andre gongen til seg den mannen som hadde vore blind, og sagde til honom: «Gjev Gud æra! Me veit at denne mannen er ein syndar!» 25«Um han er ein syndar, veit eg ikkje,» svara han; «eitt veit eg: eg var blind, og no ser eg.» 26«Kva gjorde han med deg?» sagde dei då; «korleis gjekk det til at han opna augo dine?» 27«Eg hev alt sagt dykk det,» svara han, «og de agta ikkje på det; kvi vil de høyra det upp att? Kann henda de og vil verta læresveinarne hans?» 28Då skjelte dei honom ut og sagde: «Du er hans læresvein, men me er Moses’ læresveinar. 29Me veit at Gud hev tala til Moses, men um denne veit me ikkje kvar han er ifrå.» 30«Då er det underlegt at de ikkje veit kvar han er ifrå,» svara mannen; «han hev då opna mine augo. 31Me veit at Gud ikkje høyrer på syndarar; men den som ottast honom og gjer etter hans vilje, den høyrer han. 32Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd. 33Var ’kje denne mannen komen frå Gud, kunde han ingen ting gjera.» 34Då ropa dei imot honom: «I synder er du fødd og boren, og du vil læra oss!» og kasta honom ut. 35Jesus fekk høyra at dei hadde kasta honom ut, og då han møtte honom, sagde han til honom: «Trur du på Guds Son?» 36«Kven er det då, Herre, so eg kann tru på honom?» svara han. 37Du hev set honom, sagde Jesus; «det er den som no talar med deg.» 38«Eg trur, Herre!» sagde mannen og kasta seg på kne for honom. 39Og Jesus sagde: «Til doms er eg komen til denne verdi, so dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.» 40Nokre farisæarar som var innmed honom, høyrde det og sagde: «Kann henda me og er blinde?» 41Då sagde Jesus: «Var de blinde, so hadde de ikkje synd; men no segjer de: «Me ser» - og syndi dykkar vert verande der ho var.»